I straumforsyningar som alle andre stadar i rørforsterkarar er det ein del fysiske lover ein ikkje kjem utanom, og så er det ein del kompromiss ein må gjere. Det kan lønne seg å prioritere f.eks. i denne rekkefølga:
1) Kor låg rippel må eg ha? La oss seie at forforsterkaren gir 1V ut RMS. All støy skal
eks. ligge 80dB under dette (10.000x) - altså 0.1mV. I følge Jane kan du då
ikkje ha meir enn 0,4mV frå filteret. Hugs at 1V inn på ein vanleg utgangs-
forsterkar er full guffe. Du har kanskje ikkje meir enn 0,1V inn til vanleg. Skal du
framleis ha 80dB signal/støy forhold, kan du ikkje ha meir enn 40uV frå filteret
2) Ein bør prøve å halde første kondensator i filteret under 47uF i høgspenningsfilter.
Frå likerettaren gjennom denne og til sentertapp på trafoen går det ein ganske
kraftig straum. Motstanden i leidningsføringa her x straumen som går
lager ei 100Hz spenning som kan lage trøbbel. Til mindre kondensator, til mindre
brumspenning.
3. Kor mykje plass har du til drossel? Kor mykje vekt tolererer du? Kva droslar får du
tak i? Kva er budsjettet?
4. Kva seier dataprogrammet må til for å klare ei gitt rippelspenning på utgangen av
filteret hvis du skal halde første kondensator under 47uF (helst mindre) og bruke
eit CLC filter. Kanskje du må til med eit CLCL filter?
5. Hvis kondensatoren blir for låg og drosselen tilsvarande stor, kan du få
resonansfenomen. Det er på ein måte den andre avgrensinga.
(Hugs å montere viklinga på droslane i 90 graders vinkel til kvarandre slik at magnetfelta ikkje påverkar kvarandre)