I påvente oppdatering frå YEL, så kan eg jo leggja ut mine erfaringar med BE-20.
Litt historie til å begynna med:
Har hatt Audiovector Mi3 Avantgarde S (S er ein jubileumsmodell trur eg. Eg har nr1 av 15. Har raud diskant, veit ikkje om det er nokon annan forskjell enn det? Fargen er fin den....)
Dreiv denne med Krell KAV 400xi. Fast og fin lyd, men kanskje litt lite varme etter min smak. Eg vil fyrst og fremst høyra på den musikken eg likar, der gjorde ikkje Krell`en nokon god jobb med dårlege innspelingar synest eg.
Skifta ut Krell`en med ein hybrid (røyr på inngangen), DK Design Signature Vs.1 Mk3.
Denne passa meg bedre,bedre oppløysing, meir klangfargar og mjukare i diskanten. Fekk og djupare bass og litt meir tyngde der, men kanskje litt mindre detaljering/ull i bassen?
Det kunne jo vera rommet som spelte inn i bassen, har ikkje gjort nokon akustiske tiltak.
Det er noko som må takast opp med det "svake" kjønn før ein set i gang med slikt, sidan anlegget står i stova.
Fekk plutseleg for meg at eg skulle ha meg nye høgttalarar (slikt skjer av og til, er visst ikkje åleine om det her...).
Valget fall på Usher 8571 Be2, sette inn annonser her og der etter eit par brukte.
Fekk svar frå ein som hadde eit par, men etter litt att og fram fann han ut at han ikkje ville selja dei.
Eg fekk og svar frå ein som hadde eit par BE-20 tl salgs, takka i utgangspunktet nei til dei. Dei er jo store (og dyre....), stova mi er ikkje så stor, litt redd for at det ville bli problem med bassen.
Det viste seg at han som hadde BE-20 ikkje budde så langt frå meg, og eg kunne få låna dei i 14 dagar mot eit depositum.
Det vart for fristande for ei svak sjel....
Tok turen heim til han og lytta litt på dei. Det var ein hyggeleg kar med eit seriøst anlegg, Audio Research Reference og Emm Labs.
Lyden var upåklagelig etter min smak, litt mørk, detaljert og solid tyngde og ro.
Eg måtte jo berre ta dei med heim og prøva, sjølv om eg ikkje har utstyr i ( langt frå) samme klasse og mindre rom.
Hadde med meg stor tilhengar med kasse, så med litt ekstra folk til å bera dei (123kg pr stk), så kom dei ut og inn i hus igjen.
Eg har akkuratt operert menisk, så eg tok den administrative delen. ;D
Vel heime vart dei kobla til med stor spenning.
Overraskinga/gleda kom egentleg som eit sjokk
, lyden var veldig lik den eg hadde høyrt hjå han som skulle selja dei.
Skal ikkje påstå at det var like bra, men forskjellen var mykje mindre enn eg hadde frykta.
Litt mørk klang, men samtidig masse detaljar, god tyngde og djuuuuup bass.
Bassen vart faktisk stramma opp i forhold til Audiovector, og mykje bedre definert. Det er jo litt forskjell på 2 x 11tommar og 2 x 6,5.
Andre ting som slo meg var at det fungerte mykje bedre når eg spelte på lågt volum. Lyden " slepper" lettare høgttalarane og dei forsvinn i lydbildet.
Det største på problemet med høgttalarane er at fruen ikkje opplever at dei forsvinn..........
Dei er jo "litt" store, men designet er faktisk akseptabelt hjå det "svake" kjønn har det vist seg.
Ho synest dei var fine på bilde, men eg sa vel ikkje noko om størrelsen..........
No har ting gått seg til, så dei blir nok ståande ei stund. ;D