Vi ble med da en av Arkitekturopprørets ideologer gjestet Oslo. Les hva professor James Curl synes om Nasjonalmuseet, Barcode – og hva han mener er linken mellom fascisme og moderne arkitektur.
www.arkitektur.no
Britisk arkitekt som snakker positivt om det som er bygget i Oslo før 1930-tallet.
Velkledd type. Utover les eg intervjuet som temmeleg likt med det AO har sagt i fleire år:
Kritikken av at mange moderne bygg manglar skala, ikkje inngår i ein byplan for folk og delvis har stygg utsmykning: ja. Eg er einig i at Barcode er grusomt. Ut over det, verkar mange av påstandane hans som rare, tilfeldige bløffar:
- Harmonien i eldre byar. Du liksom. Ja, viss du går gjennom Frogner, så klart at det er mykje fint. Ei ro og verdigheit som ikkje er der i Barcode. Så får vi sjå bort frå det som er rive: det som nærast var totalt slum (Vika, det meste aust for bygrensa ved Storgata), eller dei områda (særleg i aust) der det vart sett opp bygardar så billig som mogleg for å dra inn husleigeinntekter.
Vi kan også sjå bort frå at mange av dei finaste bygga på vestkanten av Oslo (også Frogner) nettopp er dei modernistiske.
- Modernismen drap handverket. Ja, det er jo delvis sant. Men det er ikkje det same som at vi får handverk tilbake av å gå tilbake til gamal stil. Her vil eg sitera opponenten
@superhkm
Det er når profilen verktøymakeren en gang la inn i håndhøvelen mates inn i CNC software slik at speildøren kan freses ut i MDF at jeg finner fram min revolver.
- Modernismen vil ikkje visa strukturelle og bærande element. Hæ? Det er jo sikkert sant for nokre bygg no, i ein meir allsidig og postmoderne verd, men eg oppfattar nettopp at det å visa konstruksjonsprinsipp ope er ein sentral idé i ein "funksjonalistisk modernisme". Ei anna sak er at ein ikkje bør leggja til falske spor etter ein konstruksjon som ikkje er der, som søyler under ting som utmerkt kan bæra seg sjølv.
- Du ser ikkje kvar inngangen er. Igjen, hæ? Det er eit problem med nokre bygg, utan tvil. Men for det første trur eg mange gode moderne arkitektar har lese Don Norman, og veit at vi treng "affordances" for å bruka ting riktig. For det andre er dette eit like stort problem med ein del eldre bygg, der det du vil tru er inngangen, eigentleg er ein slags pynt.
- Hitler, sjølvsagt. Sikkert overraskande for dei som ikkje tenkjer på nazismen som
også eit utslag av det moderne. Herrejemini, berre å få ideen om at du kan fysisk endra arvematerialet til "folket" ditt, for deretter å byggja fabrikkar langt ute på landet (ute av syne) for å industrielt avliva dei uønskte elementa (som om dei skulle vera kyllingar i moderne industrilandbruk), er tvers gjennom hypermoderne. Men ideologar frå ytste høgre til ytste venstre, inkludert det velmeinande sentrum, var også opptekne på 1900-talet av å løysa problemet med at store delar av befolkninga ikkje hadde særleg ålreite plassar å bu, og trong plassar for å husa eit raskt aukande byråkrati.
Dette er like relevant som at Hitler omfamna folkevogna, dyrevelferd, koffeinfri kaffi og sette igang anti-røykekampanjar.