Er vel omtrent samme argumentene vi bruker for å opprettholde moderne slaveri...
Semi-apropos,
eg tenkte lenge, litt ut frå ei marxistisk inspirert forståing av "stadium i utviklinga av produktivkreftene" at slaveriet i sørstatane var ein anakronisme på 1860-talet, og at den amerikanske borgarkrigen var ein slags valdeleg revolusjon som innførte det liberal-kapitalistiske (borgarlege) systemet i heile USA, og slik la grunnlaget for den eksplosive industrialiseringa opp mot århundreskiftet.
Dei økonomiske historikarane (eigentleg, "kliometrikarane", ei form for kvantitativ metode i historiefaget) Engelman og Fogel utfordra dette i 1974 med boka
Time on the Cross: The Economics of American Negro Slavery. Her viste dei at slaveriet i Nord-Amerika var ei velfungerande (= lønsam) organisering, og dessutan at levestandarden (reint materielt) til slavar i USA ikkje låg under frie landarbeidarar elles. Slik eg skjønar det, har denne boka stått seg oppsiktsvekkjande godt i femti år.
en.wikipedia.org
Utan å ha sett meir på kva Floridas "Board of Education" har vedteke, reknar eg med at det er ei pervertering av funna til Engelman og Fogel som ligg til grunn.
Altså: Dette er funn som får det til å venda seg innvertes for meg. Det er så mykje greiare når det som er slemt også er dumt for alle partar. Ei mogleg økonomisk innvendig er også at slaveriet i sør var eit alvorleg hinder for økonomien i nord (industri/handel) pga. anti-slaverirørsla i Europa.
Ein positiv ting å dra ut, er jo at det å einsidig sjå på produktivitetsauke på makronivå som mål på kor godt eit samfunn er, kan føra oss heilt på villspor. Elles hadde Stalins 5-årsplanar, Kina etter Mao og kolgruvene i England på 1850-talet vore kjempegreier alt saman. Eller H&M-fabrikkane i Bangladesh.