Markedsøkonomi og mest mulig frihet i alle retninger er ikke alt. Noen ganger må en forstå at det hele er mer sammensatt og at en må ivareta flere hensyn samtidig.
Jeg blir kvalm av alle som hyler om MER utvalg og MER varer. Ja, noen her lenger opp i tråden fikk seg til å si at det var det denne tråden handler om. Har du hørt på makan til tullprat!
Jeg foreslår at en god del av dere i så tilfelle leser det første innlegget om igjen.
For ordens skyld:
Nei, jeg er IKKE bonde.
Nei, jeg stemmer IKKE Senterpartiet.
Det var ein gong ein ferjemann som var så tunghøyrt at han verken kunne høyre eller samle det nokon sa til han. Han hadde ei kjerring og to søner og ei dotter, og dei brydde seg ikkje om mannen, men levde lystig og vel så lenge det var noko å leve av, og sidan tok dei på kreditt hos gjestgivaren og heldt gjestebod med slagsmål og utkasting kvar dag. Då ingen ville låne dei noko lenger, skulle lensmannen komme og pante for det dei hadde tatt på kreditt og auda bort. Då reiste kjerringa og barna til slektningane hennar og lét den tunghøyrte mannen bli att aleine og ta imot lensmannen og lensmannsdrengen.
Mannen gjekk der og stulla og stelte, og undrast på kva lensmannen ville spørje etter, og kva han skulle seie når han kom.
"Eg kan ta meg til å arbeide på noko", sa han ved seg sjølv, "så spør han meg om det. Eg får gi meg til å telge på eit økseskaft.
Så spør han meg kva
det skal bli; så seier eg:
"Økseskaft."
Så spør han meg kor langt det skal vere; så seier eg:
"Opp under denne kvisten."
Så spør han meg kor ferja er, ho; så seier eg:
"Eg skulle tjørebreie ho; ho ligg nedpå stranda og er sprukken i begge endar."
Så spør han: "Kor er den grå merra di hen?" Så seier eg: "Ho står på stallen, føl-diger."
Så spør han: "Kor er feet og sommarfjøset ditt hen?" Så seier eg:
"Det er ikkje langt unna; når du kjem opp bakken, så er du der straks."
Dette synest han var godt og vel overlagt.
Då det lei om ei stund, kom lensmannen, han var sikker nok; men drengen hans hadde gått ein annan veg om gjestgivaren, og der sat han og drakk enda. "God dag, mann!" sa lensmannen.
"Økseskaft", sa ferjemannen.
"Jaså - -" sa lensmannen. "Kor langt er det til gjestgivaren?" spurde han.
"Opp under denne kvisten", sa mannen og peikte eit stykke opp på økseskaftemnet.
Lensmannen rista på hovudet og glante stort på han.
"Kor er kjerringa di, mann?" sa han.
"Eg skulle tjørebreie ho", sa ferjemannen, "for ho ligg på stranda og er sprukken i begge endar."
"Kor er dottera di?"
"Å, ho står på stallen og er føl-diger", sa mannen; han syntest han svarte både godt og vel for seg.
"Å reis du til –, din tull du er!" sa lensmannen.
"Ja, det er ikkje langt unna; når du kjem opp bakken, så er du der straks", sa mannen.