Når ting skal "lønne seg", vil det vere relativt i høve svært mange faktorar. Sjå berre på dei som diskuterar varmepumper. Det handlar om ulike perspektiv og moment meir enn kva som faktisk kan definerast som "lønnsamt", noko som de her i tråden gjer ein utmerka jobb med.
Verdien av å gjere manuelt arbeid fekk eg gjort synleg for ei elevgruppe for eit tiår sidan, då vi hadde elevbedrift. Det vaks mykje "ruskeskog" på kommunale eigedomar og andre uynskjelege stadar i nærmiljøet, og vi fekk ideen til å sage opp ved. Elevane kunne ikkje bruke motorsag (ungdomsskule), men gjorde heile jobben manuelt. Eit stort arbeid, men vi fekk god omsetjing på alt saman til noko dyrare utsalspris enn hos dei to konkurrentane våre som selde ved importert frå Litauen, då vi marknadsførte det som "lokalprodusert øko-ved," produsert i bygda, av ungdom som vart stimulert til fysisk fostring om dei fekk selje.
Elles ser vi dette klassiske med å lønne seg når vi skal drive svenskehandel - det løner seg svært sjeldan når du skriv opp reisekostnadar og tidsbruk i reknestykket (eg bur vel på den staden som ligg lengst unna Sverige på fastlandet...)
Det er altså det store bildet som er problemet. Kommunalt sett er det store dilemma for tida, ved at bøkgja med førtidspensjonering endeleg slår inn. AFP-avtalen kostar ca 200 000 pr arbeidstakar kvart år dei brukar denne (før fylte 67), og ved ei spørjeundersøking som halvparten av dei tilsette alder 58+ svara, var samtlege innstilte på å ta ut AFP. 5 arbeidstakarar som held ut eitt ekstra år, og kommuna sparar ein million. Det diskuterast kva lokkemiddel som skal til for å få oss til å ombestemme oss, og ordninga pr dato er ei ekstra ferieveke + 10000 kr i bonus. Med ei solid oppjustering av desse vilkåra kan det tenkjast at kommunen sparar pengar, men agnet er no så lite at det ikkje freistar mykje. Men sjølv med eit agn i storleik 150 000 vil eg nøle - kor mykje økonomisk forsaking er eg villeg til gjere for å kunne eige mi eiga tid heilt ut?
Det var for litt sidan eit innslag frå Butan, der dei nekta å vere med på BNP-rekninga, og hadde innført BNP (brutto lukke-produkt) i staden. Sjølv om dette er tøv i minst like stor grad som BNP, sterkt propagandafisert, og at ingen forstod bæret av rekningane bak, er det ein spennande måte å tenkje på. Kva er lukke, og kva er "kursen" rekna i kroner...?
Eg har innført min eigen filosofiske økonomi der eg reknar graden investeringar er gunstige ut frå "affeksjonskoeffisienten". Du tek ganske enkelt prisen på ei vare eller ein teneste, og delar dette på den tida du har glede av greia. For hytta til naboen på 3 000 000 som brukast 14 dagar om sommaren, påskeveka og 3 helger vert reknestykket 3 millionar/30 dagar*24 timar = 41666. Ein galning med stereoanlegg til 700 000 som spelar 2 timar dagleg + 6 timar ekstra i helgene har reknestykket
700 000/52 veker *10 = 1346, og ein cabincruisar til to millionar som brukast to timar kvar veke i sommarhalvåret kostar 2 mill/52 =38 400.
Reknestykka vert verre når dei skal brukast på "nødvendige" ting som t.d. indrefilet i staden for havregraut eller vin m.m., for her må ein også innføre ein helsefaktor i reknestykket, og det har eg ikkje fått til. Eg burde vel strengt tatt rekna ut eitkvart for dei fjellskia eg brukar 5 dagar i året, men her ligg det ein helsegevinst, og dessutan må læraren ha ski i påvente ein eventuell skidag på skulen. Bilrekneskapet øydelegg også, treng eg to bilar? Eg treng nok ein for at kona skal kunne køyre på jobb, men må det vere ein relativt dyr bil? (Bilrekneskap er noko av det meir innfløkte eg har prøvd å tenkje ut, så her brukar eg konsulentar...)
Affekssjonskoeffisient er no altså eit omgrep som eg tykkjer vi må innføre i økonomisk tenking. Vi vert nøydde å finne ut om det er "vits" i det vi held på med. Eg har busett meg på ein stad i landet der eg kan klare å halde eit relativt stort hus, gjere nokre sprell, og ha eit godt liv ut frå mine verdiprioriteringar. Eit alternativ med eit treroms husvære og fleirmillionsgjeld, køkøyring, stor TV og lite hifi, diger hytte med lite besøk, er nok meir vanleg. Eg vil ikkje rakke ned på noko som helst, men eg trur det er sunt å rekne litt på dette, er affeksjonskoeffisienten og BLP på plass?
Ein venn av meg har vore avsindig flink med å halde seg unna dyre stereoanlegg og bilar, men har både akseptabel lyd (han har brukt mykje tid på å finspisse anlegget) og akseptabel transport(han fann ein svært pent køyrd gammal Volvo), men er sikkert like blakk som meg. Pengane hans trur eg i langt større grad enn hos meg går til alkohol, kollektivtransport og konsertar. Samstundes trur eg vi er rimeleg lukkelege begge to, og at vi har bra balanse i affeksjonskoeffisientreknestykka våre.
I det store er økonomi (og etter mi personlege meining også slektningen økologi) svært spennande emne, som burde vore innført som fag i grunnskulen. Så kunne vi stryke ein del tullete reformer i staden..