Ja, det er riktig. Mange
morsomme små jordskjelv også. Men faktum gjenstår: Det er boom og bonanza der borte, ikke finanskrise. Det begynner å bli lenge siden det var krisestemning. Til og med "the sequester" kom og gikk uten så mye mer enn et gjesp. Økonomien har skutt såpass mye fart at det er helt OK å begynne å kutte ned på offentlige utgifter og redusere statsgjeld uten at himmelen faller i hodet på Amerika. I motsetning til for tre-fire år siden.
Ordet "sivilisasjon" har vel noe med romernes civilis og civitas å gjøre, altså bystat og borger. En liten dåm av Roma, kanskje. Det har ihvertfall fint lite med landsbygd, bønder og rovdyrhat å gjøre.
Sivilisasjon er føresetnaden for både økonomi og kultur. Det starta nok då vi gjekk frå eldre til yngre steinalder. Før den tid var alle menneske samlarar, og hadde meir enn nok med å sanke/veide mat. Men då vi gradvis starta jordbruk, kom revolusjonen. Vi vart etter kvart buande på ein stad (bonde = buande), og vi fekk stort nok matoverskot til å kunne fø presteskap og ytterlegare overklassar. Vi fekk også høve til å ha fleire ungar, ettersom foreldra ikkje lenger måtte dra med seg småfolk på nomadelivet. Så ein kunne "sette på" langt oftare enn tidlegare.
Utviklinga fram til i dag, der eit minimum av menneske faktisk driv med eigentleg "verdiskaping" tok ca 14000 år, og er nok ikkje ferdig endå. "Presteskapet" er ikkje lenger avgrensa til dei som held på med religion, krig, politikk og anna "tull", men massevis av andre yrke som eigentleg ikkje er nyttige, men der dei brukar det som er formulert i Parkinsons lov.
"Work expands so as to fill the time available for its completio
ller som Benjamin Franklin visstnok (kjelda er nok slett ikkje påliteleg):"Lediggang er rota til alt vondt." Rota til alt anna også. Vi har auka medlemer innan eiga art frå starten på knappe 8000(hevdast det?) til alle dei milliardane vi utgjer no, vi har kome oss til månen, og attende derifrå. Vi er slutta å gå, og slepp anstrenge oss, og det er von om at dei aller fleste kan leve rundt 80 år, om vi orkar å omfordele litt.
Men Parkinssons lov vert i dag stort sett brukt om at offentlege instansar og nivå brukar alle tilgjengelege ressursar på å rettferdiggjere eigen eksistens eller helst vekst. Såleis kunne ein tidlegare (på midten av 90-talet) sjå statistikkar frå ssb som synte at norsk verdiskaping i hovudsak (over 65%) skjedde i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I dag er det uråd å finne desse tala, og vi har i staden fått andre:
SSB-tall om verdiskapning får strykkarakter - Troms og Finnmark - NRK Nyheter
Det er sikkert behov for nye definisjonar, og nye måtar å tenkje på. Vi har alltid behov for å rettferdiggjere våre avgjerder om levemåte. Så framstillinga av verdiskaping og økonomi er i god utvikling.
Norsk næringsliv i et historisk perspektiv
For litt sidan fekk vi høyre at mesteparten av verdiskapinga i Noreg skjer i Oslo. Ettersom det bur så mange menneske der, og ut frå vanlege, demokratiske spelereglar, vert det difor viktig. Dersom det av ein eller annan grunn skulle syne seg at 3 millionar urbanistar på landsbasis (over 3 milliartar på verdsbasis) tek feil, korleis skulle det då gå?
Sivilisasjon vert relatert til "civitas"= bybuar. Altså er det lett å tenkje seg at sivilserte menneske navar på kafè mesteparten av dagen, og bidreg til fellesskapet ved å betale billettar og offentlege avgifter. Men eg trur det er meir innfløkt.
For det fyrste trur eg at sivilisasjon har ingenting (eller svært lite) med kultur å gjere. Vi berre trur det.
For det andre er sivilisasjon å innordne seg. Innordnar seg makta. Ein kan revoltere kvar gong det er val, antan som når vi har val i Noreg, eller når vi har val i Kina. Såleis opprettheld vi demokratiet.
For det tredje trur eg at demokrati og sivilisasjon ikkje heng saman, det heller. Dei sivilisasjonane som har gjort mest av seg opp gjennom tidene, er ikkje nødvendigvis den greske og den islandske. Sjølv om eg skal vere med på at Frankrike og USA (og etter kvart Noreg og nokre få andre statar, hovudsakleg i Europa) har markert seg positivt, med ikkje berre relativt sivilisert åtferd, men også bra kultur og mykje bra demokratisk tankegong. Sjølv om det har sine manglar.
Men no ser det ut som krubba er i ferd med å tømest, og dei støste hestane er svoltne. Dei som er godt matvande, lurer på kvifor det ikkje er meir å få.....