Køyrde gjennom Vesteuropa på heimtur frå Portugal. Kan melde om at dei spanske skinkeprisane er gunstige for tida, sjølv om Spania har vorte ganske dyrt siste året. Ei heil skinke på ca 7 kg av kvitgris kan kjøpast for under 30 Euro, og er på høgd med ei god, tysk spekeskinke av god kvalitet. Pata Negra, bellota, kjøpte eg til minstejenta for 40 Euro. Litt lita, men likevel.....dette går an. Tapas er dyrt, men har vanleg, god kvalitet langs nordkysten.
Full middag i Portugal kjem på ein hundrelapp om du et på landsbygda (dyrare i byane), og Leitao kan vere eit godt tips. Frankrike er dyrt, og kvaliteten er dårleg langs betalvegane, så køyr bort frå desse om du er svolten. Tyskland er litt billegare, men har også trist mat langs hovudvegane.
Dansk tips: kjøp "Stjerneskudd" - eit smørbrød som mettar. Og det er maritimt. Handle ikkje på danskebåten - betre tilbod i land. Sprit kjøpast billegast på tilbod i Portugal. Vin kjem an på kor nøyen du er på det: Spania for høg, tradisjonell kvaltet (men litt kjedeleg reserva/granreserva), og Portugal for rimeleg og spennande. Pass på å få med Vino Verde (drikkast iskaldt), og pass opp for crianzaen. Dårleg denne sesongen i Spania (har prøvd berre to flasker, men likevel...)
Ølprisane til Sluket kan ikkje utfordrast nokon stad. Billegaste eg fann var 22 Cent, så du har vore heldig (Har du sjekka om det var alkoholfritt eller noko?)