Trur det er nokre ganske enkle fenomen her.
Det eine er nok feedback. Svært merkbart for dei med vinylriggar og rør, mindre kritisk for dei med transistorar og digitallyd. Dette unngår du ved å bryte feedbacken. Her er nok erfaringane med platespelarhylle ganske greie. Men vegg og golv, og eventuelle estetiske omsyn til plassering kan vere ei utfordring. Kjem ein tett på høgtalarane med platespelaren (eller rørforsterkaren), kan det verte nødvendig å spele lågare enn ein kanskje ynskjer....?
Vidare har vi dette at høgtalarane flyttar på seg. Det betingar veldig høge lydtrykk, og relativt lette høgtalarar. Eller spinkle, høge, smale tårn som har lett for å svaie. Mine gamle InnerSound Eros, så vel som Magnepan sine tidlegare modellar var ikkje spesielt stive. Det dukka opp magnestatar og elektrostatar med stivare ramme etter kvart. (sjå avstivinga på nyare Quad-modellar, til dømes) Stive konstruksjonar løyser problemet. Som sikkert ikkje er særleg stort, all den tid ein ikkje brydde seg så veldig med det tidlegare. Men så kan desse stive konstruksjonane ha andre problem i staden...
Dette fenomenet med at høgtalarane flyttar på seg, kan verte forverra av ymse bein. Står høgtalarne dine med vekta på 3 av 4 spikar (eller andre løysingar), vil dei naturlegvis ikkje stå så støtt som ynskjeleg når du spelar. Problemet kan løysast på mange måtar, og her har vi altså funne opp mange fantastiske og kanskje kostbare løysingar.
Mine observasjonar om Soundcare sine sterke sider har vorte observert av mange andre (m.a. dåverande Audiophile-redaksjon, der eg trur alle kjøpte Soundcare under høgtalarane sine etter kvart.). Men eg ser ikkje bort frå at det kan vere ein del bias eg ikkje tenkte over den gongen.
- Høgtalarane mine den gongen vog 30 kg, og var hybridelektrostatar som ruva 1,8 meter. Ei ganske kraftig svingstong i høve underlaget. I starten var dette medflygjande spikar, som var referanse fram til Soundcare dukka opp. Noverande MBL står som gravsteinar på ein kyrkjegard.
- Underlaget mitt er/var sponplategolv med vinylbelegg på. Sjølv om golvet er forsterka med ein stålbjelke, er det såpass svai i det at ein platespelar som står på golvstativ får problem når det dansast. Men sandkasse eller vegghylle for platespelaren løyste problemet.
- Noverande golv er langt frå ideelt. Parkett på det gamle sponplategolvet. Med litt avrettingsmasse. Men 85 kg MBL x 2 står ganske trygt. Så trygt at Soundcare-beina ikkje gjer noko frå eller til.
- Eg spelar sjeldan frykteleg høgt lenger. Og så har eg transistoroppsett (med unntak av riaatrinnet). Før brukte eg dessutan rør over nesten heile linja.
- Vinylriggen (så vel som digtaloppsettet) har endra seg ein god del.