Fra: den sinte damen på landet
Til: alle som bor i sentrale strøk
Vis vedlegget 455995
God Jul!
Tykkjer det er heilt på trynet at eg betalar 820 kr i nettleige og 235 kr for straumen på huset eg renoverer på Sunnmøre. Det var idiotisk å splitte mellom nettleige og straum. Ingen kan vel kjøpe straum utan nett?
Men dette er i minste ein politisk sak. Noko som faktisk burde oppta folk, i motsetnad til det røykteppet som virvlast opp av media. Klart MDG får fokus og stemmer, trass i mykje famling. Miljø er problematisk, og dersom folk/politikarar ikkje evnar å gjere noko med det, vil naturen ordne opp sjølv (stakkars oss då).
Pr dato er det ikkje mulege politiske koalisjonar som vil gripe fatt i noko som helst. Høgre er heilt avhengig av Frp, som vil blånekte eitkvart miljøtiltak av anna enn rein symbolpolitikk, og AP er ikkje det minste betre, maktorienterte som dei er vil ikkje MDG, R eller SV få matnyttige gjennomslag. Ein koalisjon beståande av R, SV, MDG, V og Krf vil neppe dukke opp dei fyrste åra. (Heller ikkje om Sp sleng seg med vil det bli fleirtal.)
Og kvar diskuterast idelologiar? Her brukast retoriske bannord som fascisme og anarkistar, men i kontekstar som vitnar om hovudlaus høne-bakgrunnskunnskap (er litt sur i dag, som de ser)
Det er for mykje personfokus og fokus på retorikk i denne valkampen. Rett og slett toskete. Min kommentar: Bla, bla, bla, osb...