Det er vel heva over ein kvar tvil at høgtalarane er den mest variable faktor innan hifianlegget. Ingen annan stad kan ein oppnå større skilnad mellom himmel og den andre staden enn når høgtalarar skiftast ut, og plasserast annleis. Så også her i heimen. Eg har aldri hatt betre høgtalarar i hus enn det eg har hatt dei siste 7-8 åra. Men du stygge tid, kor stor skilnad desse høgtalarane har medført på forsterkarar. Ein normal 50 - 100-wattsforsterkar går i klipping om ein skulle ha lyst til å spele fortissimo. Det er ikkje så veldig moro å teste små rørforsterkarar lenger. Sjølv om høgtalarane ikkje er noko vanskeleg last, er dei svært tungdrivne. Så eg prøvde ut ein del alternativ som var sånn halvvelukka. Når ein kjem opp i eit par hundre watt går det bra, bortsett frå til høgtidsbruk. Så fekk eg tak i ein ASR Emitter 2 Exclusive, og alt fall på plass. Jau då, eg kan få sikringskrinslaupet til å fatne relativt enkelt. Men det er kontroll heile vegen.
Eg er likevel berre 99% fornøgd. For eg prøvde eit sett Manley Neoclassic 500 på eit utval forforsterkarar. Dette forsterkarparet greier ikkje heilt å løyse opp detaljane på same nivå som ASR, heller ikkje har det fullkome støyfri bakgrunn. Berre nesten. Mindre enn kva ein skulle tru var mogleg med rør. Med rette forforsterkar ville Neoclassic vore midt i blinken etter mine klangideal, og etter mine fysiske behov for dynamikk(-/tt)
Min kollega Stig Arne Skilbrei har vore på besøk og høyrt oppsettet mitt med ulik forsterkar. Han er einig med meg, så til dei grader faktisk, at han oppfordrar meg om å skifte frå ASR til -noko anna. Neoclassic er topp, spesielt med triodedrift, medan eg mistenkjer han (utan å seie det rett ut, naturlegvis, sjølv om han er vossing) for å mislike den distinkte, detaljrike, nesten perfekt nøytrale musikkformidlinga via ASR-forsterkaren. Han vil ha meir rølpelyd, og hintar stadig om at eg bør skifte til eitkvart meir sosialdemokratisk a la ein NAD effektforsterkar han har tru på. Men det har ikkje eg, og det er (heldigvis) eg som bestemmer.
Så skilnadar på forsterkarar finnest. Det skal eg love!