I dag spelast Supertramp "In the Quitest Moments". Ei av mine favorittplater, saman med tre andre av Supertramp-lista. I tillegg til fantastisk musikk, er her også fantastisk lyd, så eg har lenge brukt plata i testsamanheng, for å høyre skilnadar på spesielt elektronikk, men også signalkjelder og høgtalarar.
Både "Crisis", "Crime" og "Breakfast" har nesten identisk lydproduksjon, og er langt på veg like gode. Men av ein eller annan grunn er "Quitest" den som oftast vert spelt. Det kjem kanskje av at denne er japansk pressa, og har ei veldig god overflate, mykje betre enn fyrsteutgåva eg hadde.
Det musikalske er nok kjent for dei fleste som les dette. Sikkert også dei lydlege kvalitetane. Men eg fekk lyst til å dele det eg gledar meg over med dette albumet:
- Plata startar med "Give a little bit", med karakteristisk akustisk gitarlyd, og endå meir karakeristisk stemme. Etter fram kjem slagverk og bass inn, tydeleg plassert i lydbildet, med god skilnad mellom basstromma og bassgitaren, om anlegget ditt er godt nok.
Saksofonen, det kanskje viktigaste varemerket til Supertramp, kjem også inn, og etter dette korstemme. Snart smyg heile lydbildet inn på deg, realistisk stort, og veldig tredimensjonalt.
Piano og klokkespel markerar innleiinga på "Lover Boy", før vokalen startar opp, og fram mot den forløysande markeringa av bass og slagverk, med følge strykarar, spennande akkordar og koringar. Endringar i lydstyrke og små detaljar gjer at lyttaren høyrer nøye etter. Her er slagverket mindre realistisk plassert, allfall slik det presenterast i mitt anlegg, men alle detaljane får definert plasseringa ganske tydeleg, og dynamiske variasjonar er svært lette å få med seg, og oppattakinga av refereng, pianissimoar avbrotne av markerte fortissimo, og den ekstra omgangen etter at alle trur at no er låten slutt. Kanskje litt masete, men med rette pickup let dette berre lekkert. Og skrur ein opp lydstyrket vert dette lyduniverset heilt ekstremt. Litt trist at låten berre feidast ut, men slik bestemte dei no seg.
Tredje låt er tittelen, som startar med fuglekvitter, ein lang mellomtonevokalaktig sak, og den aktustiske gitaren som kryp inn på deg. Litt etter kjem ein klarinett, som doblar seg og gjer rom for vokalen, i eit stigande cresendo fram til dette. Melankolsk som det meste av Supertramp sitt beste materiale. Når bass og slagverk diskre meldar seg, har låten endeleg kome i gong. Men det er langt igjen til slutten. Og det er god tid til å undre seg over meininga med den lett surrealistiske teksten. Styrken aukar statdig utover siste verset, og det byggjer seg fram til der vi ventar på ein variasjon, eit omslag. Og så kjem det: "And even when the song is over...." og låten tonast ned som ein solnedgang, med ein merkeleg sluttakkord.
Etter dette treng ein noko anna - og her går det endå lenger nedover i melankoli: "Downstream" med flygel og vokal, ei eigentleg koseleg tekst, men framført så blått ein kan få det. "So down here at the ocean we will stay" Merkeleg miking av flygelet. Både nærmikrofon og litt på avstand - er det to flygel, tru, eller to ulike opptak?
Så sluttast låten av. Litt klunking på pianoet, og så er det på tide å snu plata.
Melankolien tonast litt ned, om enn ikkje heilt - vokalen kan ikkje anna enn å vere lamento, tenkjer eg. Men låten "Babaji" har ein rytmikk som markerast av slagverk, bass og flygel og fører naturleg inn til eit cresendo som byggjer lag på lag, med understøtte av vokalist og tekst heilt til han har sagt sitt, og etter nokre vende med flygelet kjem endeleg saksofonen, anten dobla eller med romklang. Vokalen sleng seg på, med koringar, og det heile utviklar seg til noko ganske innfløkt som eg har høyrt mange anlegg gå i kne av. Det er veldig moro å spele dette høgt, men det får rommet til å spele med om du skrur opp.
Så kjem ein av dei rolegaste oppstartane på plata: "From now on". Piano, før vokal, bass og litt slagverk trår til. No skjer det veldig mykje i lydbildet. Mykje raffinert, stadig like lamento, like klagande som så mykje anna på albumet. Gitarar lurer rundt med små anslag, pianoet, bassen og slagverket gjer mykje, Saksofonen kjem inn, eit trekkspel held seg forsiktig inne i gjengen, og etter nokre repetisjonar av frasane, kjem eit nytt tema: "Guess I always have to be living in a fantasy". Saksofonen understøttar vokalen, og hamrar inn mantraet, med variasjon. Det korast og byggjast mot slutten. Og brått er det slutt, neste låt startar - dette var berre vorspielet, for no kjem "Fools Overture", som eg tykkjer er den beste plata på albumet. Pianoet startar, og nokre forsiktige strykarar legg seg attåt med piccicato, og ein synt-fløyteklang legg seg oppå toppen. Det leggjast forventingar etter kvart som musikken stagnar, og ein folkehop synest samle seg. Lydeffekter, kyrkjeklokker kling, sjølvaste Churchill held tale, mykje affekt dukkar opp, og ein synt gjer seg klar til å slå seg laus. Bassen kjem inn, saman med basstromme og resten av slagverket. Så startar det å rulle. Det tek meir og meir form, får meir og meir tyngde, og til sist går det unna. Fullt orkester med saksofonar og alt. Så stoppar det, og forteljinga startar: History recalls how great a fall could be..." Alt har roa seg ned. Det er roleg lenge. Men ut over i denne låten vil anlegget ditt verkeleg få sett seg på prøve. Fiksar pickupen vokalen skikkeleg? Korleis går det med lydbildet? Og dei dynamiske nyansane, er dei med her? Masse snacks for eit godt anlegg. Vi får presentert store rom, med orkster, vindsus, før det tek til å rulle atter ein gong. Og no er det alvor. Får anlegget med seg bassen? Høyrest avstanden og rommet mellom dei fleire songarane? Slagverk og intensitet går vidare, og så lettar det for alvor. Men til sist er det slutt, og orkesteret stemmer, fram til dirigenten ber om ordet, og det heile er slutt.