- Ble medlem
- 18.02.2009
- Innlegg
- 24.587
- Antall liker
- 15.158
- Sted
- Kopervik og Bergen
- Torget vurderinger
- 1
Omtrent som forventet, disse står høyt oppe på sjekklisten.Då er omtalen av Mitchell & Johnson øyretelefonar publisert på Audiophile.no.
Omtrent som forventet, disse står høyt oppe på sjekklisten.Då er omtalen av Mitchell & Johnson øyretelefonar publisert på Audiophile.no.
Det pleier vel være noe demo av dette. Jeg handlet en billig versjon fra Polen. Den var så bra at selv plater som jeg ikke har kunnet spille siden jeg snurret skiver på lokalradio og på diskotek på 80 tallet. Etter to omganger i den nye maskinen er tilnærmet støyfrie.Lurer på å ta med nokre knitrande vinylplater til Horten, dersom det vert demonstrert platereins med ultralyd der. Platene er ganske ille, så eg veit ikkje om dei kan bergast.
Nokon som veit om det vert demonstrert ultralydmaskiner?
Og så må vi ikke glemme vår nyeste skribent Per Olav, som allerede har levert tre gode plateanmeldelser.Audiophile-stoda:
Audiophile.no haldast i gong av flinke, gratisarbeidande bidragsytarar: Rudi er oppteken med private gjeremål for tida, men hans grundige omtaler frå utprøving av spesielt vinylprodukt kan lesast fleire gonger. Det er flott å ha Rudi på laget, for eg tvilar nokon norsktalande audiofil har høyrt fleire vinylriggar i eige anlegg. Og grundigare utprøvingar kan ein ikkje tenkje seg.
Stig leverer sine synseri om øl og gammalt hifi-ræl, og er såleis ei motvekt mot dagens bruk-og kast-mentalitet.
Trufaste Karl Erik har etablert seg i Tigerstaden, og treng nok fokus på ny jobb og forståing av Oslo-dialekt og - kultur. Men han røktar det tekniske rundt heimesidene våre på ein utmerka måte.
Ole-Petter skriv innimellom, men no har eg ikkje sett noko sidan juli månad, då han skreiv om sine Beyer høyrelurar. Ikkje så enkelt når ein er i utlandet.
Miriam hadde ein spennande artikkel om persepsjon som hifi-folk burde sjå nærare på. Ho har ein innfallsvinkel på lyttinga og musikken som ingen annan. Veldig tankevekkjande.
Og Morten har levert omtale av ein italiensk pickup, som siste produktutprøving. Morten skriv veldig godt, og gjer grundige utprøvingar, så vi håpar at han har kapasitet til å vere med på skrivinga.
Dette er flinke, dedikerte folk som jobbar gratis. Sjølv om produksjonen av nytt stoff ikkje er allverda, prøver vi så godt vi har kapasitet til. Og vi er definitivt ikkje påverka av annonsørar og denslags - vi manglar kapasitet til å styre ei reklameavdeling, og gjer berre det vi likar; Skriv om hobbyen vår.
Artig å lese plateanmeldelsen (skrevet slik en plateanmeldelse «skal» skrives!) av ei plate jeg kjenner godt, og for ordens skyld jeg er helt enig i beskrivelsen/anmeldelsen, men synes kanskje «Crime» er «hakket vassere» både når det gjelder perspektiv og rent lydmessig. Selv om den krever ekstremt nøyaktig oppsett av platespilleren for å vise dette?!I dag spelast Supertramp "In the Quitest Moments". Ei av mine favorittplater, saman med tre andre av Supertramp-lista. I tillegg til fantastisk musikk, er her også fantastisk lyd, så eg har lenge brukt plata i testsamanheng, for å høyre skilnadar på spesielt elektronikk, men også signalkjelder og høgtalarar.
Både "Crisis", "Crime" og "Breakfast" har nesten identisk lydproduksjon, og er langt på veg like gode. Men av ein eller annan grunn er "Quitest" den som oftast vert spelt. Det kjem kanskje av at denne er japansk pressa, og har ei veldig god overflate, mykje betre enn fyrsteutgåva eg hadde.
Det musikalske er nok kjent for dei fleste som les dette. Sikkert også dei lydlege kvalitetane. Men eg fekk lyst til å dele det eg gledar meg over med dette albumet:
- Plata startar med "Give a little bit", med karakteristisk akustisk gitarlyd, og endå meir karakeristisk stemme. Etter fram kjem slagverk og bass inn, tydeleg plassert i lydbildet, med god skilnad mellom basstromma og bassgitaren, om anlegget ditt er godt nok.
Saksofonen, det kanskje viktigaste varemerket til Supertramp, kjem også inn, og etter dette korstemme. Snart smyg heile lydbildet inn på deg, realistisk stort, og veldig tredimensjonalt.
Piano og klokkespel markerar innleiinga på "Lover Boy", før vokalen startar opp, og fram mot den forløysande markeringa av bass og slagverk, med følge strykarar, spennande akkordar og koringar. Endringar i lydstyrke og små detaljar gjer at lyttaren høyrer nøye etter. Her er slagverket mindre realistisk plassert, allfall slik det presenterast i mitt anlegg, men alle detaljane får definert plasseringa ganske tydeleg, og dynamiske variasjonar er svært lette å få med seg, og oppattakinga av refereng, pianissimoar avbrotne av markerte fortissimo, og den ekstra omgangen etter at alle trur at no er låten slutt. Kanskje litt masete, men med rette pickup let dette berre lekkert. Og skrur ein opp lydstyrket vert dette lyduniverset heilt ekstremt. Litt trist at låten berre feidast ut, men slik bestemte dei no seg.
Tredje låt er tittelen, som startar med fuglekvitter, ein lang mellomtonevokalaktig sak, og den aktustiske gitaren som kryp inn på deg. Litt etter kjem ein klarinett, som doblar seg og gjer rom for vokalen, i eit stigande cresendo fram til dette. Melankolsk som det meste av Supertramp sitt beste materiale. Når bass og slagverk diskre meldar seg, har låten endeleg kome i gong. Men det er langt igjen til slutten. Og det er god tid til å undre seg over meininga med den lett surrealistiske teksten. Styrken aukar statdig utover siste verset, og det byggjer seg fram til der vi ventar på ein variasjon, eit omslag. Og så kjem det: "And even when the song is over...." og låten tonast ned som ein solnedgang, med ein merkeleg sluttakkord.
Etter dette treng ein noko anna - og her går det endå lenger nedover i melankoli: "Downstream" med flygel og vokal, ei eigentleg koseleg tekst, men framført så blått ein kan få det. "So down here at the ocean we will stay" Merkeleg miking av flygelet. Både nærmikrofon og litt på avstand - er det to flygel, tru, eller to ulike opptak?
Så sluttast låten av. Litt klunking på pianoet, og så er det på tide å snu plata.
Melankolien tonast litt ned, om enn ikkje heilt - vokalen kan ikkje anna enn å vere lamento, tenkjer eg. Men låten "Babaji" har ein rytmikk som markerast av slagverk, bass og flygel og fører naturleg inn til eit cresendo som byggjer lag på lag, med understøtte av vokalist og tekst heilt til han har sagt sitt, og etter nokre vende med flygelet kjem endeleg saksofonen, anten dobla eller med romklang. Vokalen sleng seg på, med koringar, og det heile utviklar seg til noko ganske innfløkt som eg har høyrt mange anlegg gå i kne av. Det er veldig moro å spele dette høgt, men det får rommet til å spele med om du skrur opp.
Så kjem ein av dei rolegaste oppstartane på plata: "From now on". Piano, før vokal, bass og litt slagverk trår til. No skjer det veldig mykje i lydbildet. Mykje raffinert, stadig like lamento, like klagande som så mykje anna på albumet. Gitarar lurer rundt med små anslag, pianoet, bassen og slagverket gjer mykje, Saksofonen kjem inn, eit trekkspel held seg forsiktig inne i gjengen, og etter nokre repetisjonar av frasane, kjem eit nytt tema: "Guess I always have to be living in a fantasy". Saksofonen understøttar vokalen, og hamrar inn mantraet, med variasjon. Det korast og byggjast mot slutten. Og brått er det slutt, neste låt startar - dette var berre vorspielet, for no kjem "Fools Overture", som eg tykkjer er den beste plata på albumet. Pianoet startar, og nokre forsiktige strykarar legg seg attåt med piccicato, og ein synt-fløyteklang legg seg oppå toppen. Det leggjast forventingar etter kvart som musikken stagnar, og ein folkehop synest samle seg. Lydeffekter, kyrkjeklokker kling, sjølvaste Churchill held tale, mykje affekt dukkar opp, og ein synt gjer seg klar til å slå seg laus. Bassen kjem inn, saman med basstromme og resten av slagverket. Så startar det å rulle. Det tek meir og meir form, får meir og meir tyngde, og til sist går det unna. Fullt orkester med saksofonar og alt. Så stoppar det, og forteljinga startar: History recalls how great a fall could be..." Alt har roa seg ned. Det er roleg lenge. Men ut over i denne låten vil anlegget ditt verkeleg få sett seg på prøve. Fiksar pickupen vokalen skikkeleg? Korleis går det med lydbildet? Og dei dynamiske nyansane, er dei med her? Masse snacks for eit godt anlegg. Vi får presentert store rom, med orkster, vindsus, før det tek til å rulle atter ein gong. Og no er det alvor. Får anlegget med seg bassen? Høyrest avstanden og rommet mellom dei fleire songarane? Slagverk og intensitet går vidare, og så lettar det for alvor. Men til sist er det slutt, og orkesteret stemmer, fram til dirigenten ber om ordet, og det heile er slutt.
Joda, men oppgaven min her på forumet er egentlig ikke å rette opp i grammatikken, men heller retorikken.Bjørn: Har ikkje du som administrator mynde til å rette opp i sjølve teksten, og gjerne med raudpenn?![]()
Sant nok.Joda, men oppgaven min her på forumet er egentlig ikke å rette opp i grammatikken, men heller retorikken.Bjørn: Har ikkje du som administrator mynde til å rette opp i sjølve teksten, og gjerne med raudpenn?![]()
Skriveferdighetene er ulikt "fordelt" blant folk, men jeg tenker at det er viktigere at man får uttrykt seg enn å bli korrigert på manglende skriftlige ferdigheter og språklige kompetanse.
Hehe, ja jeg satt fredagen å "omsatte" eksamenstekster og sensorveiledninger fra bokmål til nynorsk. Det kan jo ta litt tid, men det er til å undres over at det i høyere utdanning er ansatt personer med dette som kompetanse og formål.Sant nok.Joda, men oppgaven min her på forumet er egentlig ikke å rette opp i grammatikken, men heller retorikken.Bjørn: Har ikkje du som administrator mynde til å rette opp i sjølve teksten, og gjerne med raudpenn?![]()
Skriveferdighetene er ulikt "fordelt" blant folk, men jeg tenker at det er viktigere at man får uttrykt seg enn å bli korrigert på manglende skriftlige ferdigheter og språklige kompetanse.Men morosamt var det lell.
![]()
Er klar over det. Men på min dialekt er det fleirtalsform på ubunden form eintal: Ei kyr, kyra, fleire kyr, alle kyrne. Eg er no såpass gammal at eg har overlevd nokre skrivereformer, så eg tillet meg slikt innimellom. Har også vurdert å skrive "noke" (ikkje korrekt) og "so" (lovleg, men eg har innarbeidd "så" såpass lenge at det går av seg sjølv.Ei ku, kua, flere kyr, alle kyrne..!![]()
Originalutgaven med Los Fronterizos er den flotteste tolkningen, IMO. Den beste lyden har derimot Mercedes Sosa sin tolkning, fremdeles IMO.Mi "Misa Criola! er på Philips 6527 136. Artistane er "Los Fornterizos de la basilica del socorro, dirigent: av Ramirez himself, men også Father R.P. Segade er nemd. Innnspelinga er frå 1965. Eg har også "Misa Luba" frå Kongo, som har like flott lyd, men som ikkje er på langt nær like interessant musikalsk sett. (Denne har nr 6527 137). Normalt held eg Philips sine innspelingar for å vere generelt sånn passelege, men desse to er veldig bra.
Det er "Navidad Nuestra" som er den eigentlege julemusikken, men eg spelar alltid begge platesidene. Svært fengjande. Eg har eit par-tre CD-ar med same musikken i andre tolkningar, men dette er absolutt den beste (etter mitt syn)
Høyrde "Misa Criola" framført i vår lokale kyrkje med eit gigantkor + Altiplano for nokre år sidan. Fy Søren, så bra det var. Altiplano som turnerte Noreg på den tida, hadde avtale med Prots (ein legendask gospel-dirigent frå Sunnmøre), og dette var i ryggmargen deira. Koret var dessutan rigga i eit digert malarstillas, som gjorde at det vart ein slags "Marshallvegg" med korstemmer i tillegg. Aldri høyrt noko liknande, så dette var ei av mitt livs beste konsertopplevingar.Originalutgaven med Los Fronterizos er den flotteste tolkningen, IMO. Den beste lyden har derimot Mercedes Sosa sin tolkning, fremdeles IMO.Mi "Misa Criola! er på Philips 6527 136. Artistane er "Los Fornterizos de la basilica del socorro, dirigent: av Ramirez himself, men også Father R.P. Segade er nemd. Innnspelinga er frå 1965. Eg har også "Misa Luba" frå Kongo, som har like flott lyd, men som ikkje er på langt nær like interessant musikalsk sett. (Denne har nr 6527 137). Normalt held eg Philips sine innspelingar for å vere generelt sånn passelege, men desse to er veldig bra.
Det er "Navidad Nuestra" som er den eigentlege julemusikken, men eg spelar alltid begge platesidene. Svært fengjande. Eg har eit par-tre CD-ar med same musikken i andre tolkningar, men dette er absolutt den beste (etter mitt syn)
Mvh
Tror ikke at Mercedes Sosa- versjonen finnes på vinyl. Har i hvert fall aldri sett noen vinylutgave.Høyrde "Misa Criola" framført i vår lokale kyrkje med eit gigantkor + Altiplano for nokre år sidan. Fy Søren, så bra det var. Altiplano som turnerte Noreg på den tida, hadde avtale med Prots (ein legendask gospel-dirigent frå Sunnmøre), og dette var i ryggmargen deira. Koret var dessutan rigga i eit digert malarstillas, som gjorde at det vart ein slags "Marshallvegg" med korstemmer i tillegg. Aldri høyrt noko liknande, så dette var ei av mitt livs beste konsertopplevingar.Originalutgaven med Los Fronterizos er den flotteste tolkningen, IMO. Den beste lyden har derimot Mercedes Sosa sin tolkning, fremdeles IMO.Mi "Misa Criola! er på Philips 6527 136. Artistane er "Los Fornterizos de la basilica del socorro, dirigent: av Ramirez himself, men også Father R.P. Segade er nemd. Innnspelinga er frå 1965. Eg har også "Misa Luba" frå Kongo, som har like flott lyd, men som ikkje er på langt nær like interessant musikalsk sett. (Denne har nr 6527 137). Normalt held eg Philips sine innspelingar for å vere generelt sånn passelege, men desse to er veldig bra.
Det er "Navidad Nuestra" som er den eigentlege julemusikken, men eg spelar alltid begge platesidene. Svært fengjande. Eg har eit par-tre CD-ar med same musikken i andre tolkningar, men dette er absolutt den beste (etter mitt syn)
Mvh
Finnest Sosa-versjonen på vinyl?
Det finnes de som kliner til med Tesla Wall. Det kan kobles opp slik at man i perioder er frigjort helt fra strømnettet. Jeg sier ikke at det er rimelig eller fornuftig, men altså mulig. Dette hadde vel vært en flott gave til Emitter’n?Jula er no fjerna frå huset, både utvendig og innvendig. Straumen har oppført seg irriterande, slik at det har vore avbrot i morgonlyttinga. Med dagens batteriteknologi burde det vore råd å lage ein lithiumsak som forsynte min stakkars ASR Emitter nokre timar. No er det rett nok ein batteripakke mellom dei fire boksane, men han dreg ikkje heile monsteret.
For godt over 20 år sidan gjorde eg eit spennande eksperiment. Eg samla saman eit anlegg som kunne fungere utan nett. Ein CD-spelar på 12V, og Infinity sin fyrste (og siste) bilstereoforsterkar. Denne var såkalla klasse D, og let ikkje så aller verst. Så tok eg med meg eit par utmerka høgtalarar. Eg rigga det opp i mitt alternative lytterom og spelte her nokre timar. Neste dag flytta eg heile anlegget på hytta. Denne hadde sjølvsagt annan akustikk enn lytterommet (dessutan var det svært kaldt i hytta), men det som var poenget, var at det ikkje fantest straum eller noko anna elektronisk der. Eg ville finne ut om det hadde noko slags innverknad på lyden å "isolere" seg frå all den straumen som nødvendigvis må vere til stades når det skal spelast hifi.
Konklusjonane på dette eksperimentet vart ganske ulne, all den tid det var uråd å ha kontroll på alle faktorane, men det enda med ein artikkel for "Audio Video", som eg skreiv for den gongen. Det var likevel tankevekkjande når eg i dag fekk avbrote lytteøkta mi. Vi må vel rekne med mindre stabilitet på så mange vis framover, og hifi er viktig for meg. Det er greitt å leve med at strøymetenestene kan svikte - eg har rikeleg med vinyl og endåtil CDar i firesifra mengder. Men å hente ut ASR-kreftene er ikkje enkelt.
Då eg bestemte meg for ASR, var det etter å ha prøvd mykje anna. Aller best lyd var det nok med Manley Neoclassic 500, men eg orka ikkje tanken på biasjusteringar og rørskift. Dessutan testa eg dette forsterkarparet i juli då det var skikkeleg varmt.. Men eg prøvde også NuForce sine monotrinn, som var veldig presise, men litt for svake til mitt bruk. Likevel, Klasse D-konstruksjonar burde kunne lagast slik at dei kunne tilfredsstille MBLane mine.
Eg håpar på å gjere ein forsterkartest igjen. Borde har liksom fanga meg når det gjeld høgtalarar. Det er ikkje så lett å flytte referansane mine bort frå ideal posisjon, så det vert til at eg kvir meg for å teste nye høgtalarar. Dessutan har vi sørgjeleg lite inntekter på Audiophile.no for tida, så logistikkutgiftene er absolutt merkbare om eg skulle bestille ei palle eller to. Men forsterkarar og signalkjelder er interessant.