Det er faktisk ikke så rart... det virker som de fleste nordmenn synes at ost må smake minst mulig. Et annet paradoks med ost, er at vi må kvitte oss med kyra, så da ordner det seg med gode oster med miljøvennlig lang transport. Autonome vogntog er jo i vinden hos våre folkevalgte....
Vi treng ein ny landbrukspolitikk, der det vert lagt opp til beitedyr. Ein må forbetre NRF-dyra til å verte betre i stand til å vere utandørs, eller så må ein innføre andre raser. Kvar er telemarkskyrene når vi treng dei? Og kva med raudkolla? Gråkolla er utrydda forlengst...
Når det gjeld sau og geit, er ikkje dette noko problem. Her har vi avlsmateriale, høgt tilpassa raser ("villsau" og "kystgeit") som i milde kyststrok kan halde seg utandørs nesten heile året (bortsett frå under lamminga/kjeinga, då dei er spesielt utsette for rovdyr/-fuglar.
Så trengs tilvenning av marknaden. Flytte kjøtproduksjonen frå gris og NRF-storfe over til sau, geit og storferaser som kan beite. Kvaliteten på kjøtet vert mykje betre om dyra går ute om vinteren, og om dei får tilgong på tang nokre månadar. Så må dei sjølvsagt beite lyng og gras.
Distribusjon av kjøtet må også organiserast betre. Eg er sterkt tvilande til dyrevelferden når dyr vert sende fire - fem timar for å slaktast. Stressa dyr smakar ikkje så godt som dei har potensiale til heller.
Kjøtet må ut i butikkane på ein meir effektiv måte enn i dag. "Effektivt" er vel feil ord - berekraftig distribusjon av varer og tenester vert ei kjempeutfordring.
Prisregulering må nok også til for å skape berekraftig forbruk. Noko liknande sukkerskatten, kanskje?
Så må ein gjere det både muleg og attraktivt å drive matauk. Fleire kolonihagar, villagrisar (husa her i bygda som er frå krigens dagar eller eldre, har stort sett grisehus. Sånt kan ordnast på nytt, kjekt for dei som likar flesk. Hobbyfiske, bærplukking, frukttre i hagen vil vere små, hyggjelege bidrag. Ikkje så mykje i den store samanheng, men ei positiv haldningsendring.
For å få til dette, må ein ha tilgong på ymse rådgjevingstenester, og kanskje også vaktmeistertenester ut over det som finnest i dag. Men no gidd eg ikkje fabulere meir...