svart-hvitt
Hi-Fi freak
Den virkelige elefanten i rommet er vel at det var Jesu oppstandelse som er miraklet, at det er Guds vilje som gir grunn for undring og at påsken har vært en fin tid for å minnes om dette. Lyd av den reproduserte arten, derimot, er verken et mirakel eller gir grunn til undringDet er igjen tydeleg at "transparens" har to ulike tydingar, alt etter kva stammespråk ein uttrykkjer seg på, og kva objekt ein held på med. Eg forstår det som to metaforar, der den eine kan brukast om elektronikk der eit signal skal forsterkast, og så samanliknast med utgangspunktet. Denne er altså definert, og kan seiast å vere objektiv. Den andre tydinga tek utgangspunkt i ei subjektivt opplevd "klarheit", at lyttar opplever noko liknande det som registerast med synssansen. Hugsar at eg las om Quad ELS 63 då dei vart testa, at allegoriane vart flittig bruk. Trur det var danske High Fidelity som brukte allegorien med ei rein glasrute/fjerne glasruta. Dette er sjølvsagt ikkje målbart, men det er absolutt forståeleg.
Trur vi må rekne med at begge forståingar av omgrepet vil eksistere. Då er det berre viktig å ha det klart for seg at transparens har ei klar og målbar tyding når ein snakkar om elektronikk, men er subjektivt når vi snakkar om høgtalarar og signalkjelder.
Når det gjeld krangel mellom "mørkemannssubjektivistane" og "målemafiosoane", er det nok språket og utgangspunktet som er den usynlege elefanten i glasmagasinet. Mørkemennene sitt "blomsterspråk" brukar samanlikningar for å beskrive ei oppleving. Skribentar som har sin empiri (erfaringar) basert på slike opplevingar er subjektive. Dei vil ha ei meir flytande tilnærming til godlyden. Men dei har absolutt rett i sin subjektivitet. Opplevinga skal ein ikkje ta frå folk.
Mafiaen har kvantifisert ytingane til hifiprodukta, og er meir objektive når dei samanliknar kvaitifiserte data. Veldig greitt når ein skal konstruere noko (som andre har vore inne på, er det veldig greitt å ha med vater og målband når ein skal bygge hus). Men eg trur det er vanskeleg å basere seg utelukkande på anten lytting til musikk, eller utelukkande på målingar. Begge øvingar er nødvendige innimellom.
Å bruke åndelige ord om det verdslige eller verdslige ord om det åndelige; begge deler blir feil.
Sånn sett må vi nok måle enda mer hvis vi skal forstå lyden Å måle seg frem til meningen med livet, er mer vrient
Å holde de to atskilt, det verdslige, sekulære fra det åndelige, religiøse er kanskje kilden til mye av det fine i vår del av verden. En flott europeisk tradisjon.
Sånn sett oppstår nok magien når mennesker med samme interesser treffer hverandre. Ikke når reprodusert lyd treffer vegger, tak, gulv og løsøre.
Tid for undring?