Høyrer no gjennom Ballads og Lush Life på ny. Nydelig musikk. Har vorte meir og meir glad i jazz etter eg vart vaksen.
Det er over eit halvt århundre sidan eg vart fødd. Då eg var liten hadde eg ein far som var interessert i hi-fi, musikk, foto og biletkunst. Me hadde ikkje god råd, men pappa hadde kjøpt Tandberg Sølvsuper 12, kassettspelar, platespelar og høgtalarar. Eg fekk også god opplæring i å sette på plater sjøl, men naturleg nok helst barneplatene. Hugsar at Knutsen og Ludvigsen, Colargol og juleplata til Dizzie Tunes var mine favorittar. Interessa mi for musikk, og noko å spele det av på, har eg hatt frå førskulealder.
Då eg vart tenåring vart det ei periode mykje AC/DC, Led Zeppelin og Pink Floyd. Dette inspirert av andre, hadde neppe funne fram til dette på eiga hand. Genesis, og seinare Peter Gabriel, sette også djupe spor. Då eg vart litt eldre tenåring, og fekk fleire nye vener, vart eg mellom anna introdusert for Mezzoforte, Casiopea, George Duke, Marcus Miller, Lee Ritenour og Dave Grusin. Dette opna vegen vidare til Miles Davis og Tutu, linken var Marcus Miller. Vegen til meir reindyrka jazz starta då eg kjøpte Miles Davis «Kind Of Blue».
Resten av vegen ligg ventande…