Fire plater eg oppdaga på åttitalet, og som eg stadig tek fram. Den første eg vil nemne spesielt er
Genesis - Genesis
Ein kamerat spelte denne på ein tur me var på. Framleis like magisk å lytte til denne no, som då eg var tidlig i tenåra. Dei tre første spora på plata:
Mama,
That’s All og
Home By The Sea var noko heilt anna enn det eg hadde høyrt på til då. Kameraten min tok også fram følgande plate:
Al Jarreau - High Crime
Eg var solgt frå starten med
Raging Waters og
Imagination.
Dire Straits - Brothers In Arms
Kva skal eg seie? Første møte med denne gruppa, no likar eg betre dei tidligare platene, men det er likevel noko eige med denne.
Den siste av desse fire er den eg tek fram oftast, og er sjølskriven på mi toppliste:
Peter Gabriel - So
Plata snakkar for seg sjøl!