om sumrestriksjoner; ikke for vanlige folk!
Eg skildra mi forståing av "sumrestriksjonar" slik, i ein annan tråd, basert på følgjande sitat:
"– Flaskehalsinntektene deles 50/50 mellom nettoperatørene på hver side av forbindelsen. Ved flyt mot prisretning vil det bli en negativ størrelse og det gir fratrekk på inntektene vi får ved flyt fra lav til høy pris som er det normale."
Eg slit med å tolke dette annaleis enn dette: Noreg taper pengar på å eksportere frå NO1 til SE3 (pris SE3 er lavare enn NO1) - trass faktisk kraftmangel i NO1 - medan Sverige tenar på den påfølgande eksporten frå SE3 til DK2 (pris DK2 > NO1 > SE3) pga måten flaskehalsinntekter vert beregna. Danmark tener også litt, sidan DK2 > NO1. Denne "tunellen" utnyttar kapasiteten i nettet betre, men kun Noreg taper på det, både straum- og prismessig. Pga "sumrestriksjonen" innført i Sverige, så "veljer" dei å eksportere til Danmark i staden for Noreg, sidan summen av eksport til NO1 og DK2 vert sett under eitt, og fordi prisen er høgare i DK2 (som vert tolka som at behovet er større der).
Ergo eksporterer Noreg straum med tap, til stor gevinst for Sverige og liten besparelse for Danmark - og vi mister anledninga til å importere rimeleg straum frå Sverige.
Dette må heilt klart vere noko for dei med "djupast innsikt", ja.
––––
ikke at dette er daglig kost, men er det kosttillegg på vanskelige dager?
(fra en tråd befolket av «idioter»;
)