Uffa.
Eg har jo strengt tatt ikkje noko med dette, men å tippa på andre sine oppgraderingar er ein litt uskuldig hobby, ikkje minst veldig billig (sidan mine eigne oppgraderingar står i stampe).
Puffin, fordi det hadde gjeve deg uendeleg med parameter å tweaka og ikkje minst SPDIF ut; signalet ditt på jo digitaliserast før eller seinare.
Du har signalisert forenkla delefilter, og det har eg tenkt impliserte “pre” med delefilter/korreksjon. Då tippa eg Flex 8, sidan Armand har godkjent denne med stjerne i margen. Men det får eg ikkje heilt til å stemma, den manglar jo analog inn, og du vil sikkert utgang til hovudtelefonar også.
Hmm. Alternativa eg kjennet til er jo mildt sagt dyre (Trinnov) og/eller knapt nok i sal (DEQX Pre-8) eller ikkje naudsynleg veldig forenklande. Dette vert interessant.