Det vert anna rack løsning. Den der tek for mykje plass lite å sjonglere med sidevegs rett og slett
Ser den. Estetiklane min seier at det finaste er om toppen på rack-et er i flukt med karmen bak, eller iallfall ikkje høgare.
Elles tykkjer eg jamt at lange rack er finast. Dersom du får flytta elektronikken til den veggen der hylla står, løyser du eigentleg alle problema dine. Så er det mogleg å etterpå hiva opp ei vegghylle over dersom du har nips du skal ha på utstilling. Fosse illustrerte i tråden min for eit halvt år sidan, eg låner bilete og siterer:
Høytsittende vegghengte bokhyller gir deg mulighet for å veksle mellom skjenk/reol med større dybde under, sofa under, eller samme grunne bokhylle under, med TV innbakt.
Sjå tråden til
@crosswind; det ser veldig bra ut når alteret er plassert ut mot sida.
Elles er det veldig interessant korleis du (og jmolnes) arbeider med å kombinera hifi og stove på veldig lite plass. Det minner om problema eg slit med (og definitivt ikkje kjem til å løysa med det første, heller *). Rett nok har eg ein del problem som kompliserer (ca. 6 m bokhyller frå golv til tak, TV, ei elskeleg kone som diverre er allergisk mot ominnreiing og leikeområde for to småungar), men det er mykje likt.
Kvifor har du har gått for Diptyque? Er det fordi du har likt dei i andre samanhengar, eller fordi du tenkte dei ville passa der du bur no? På alle bileta eg har sett på nettet, er dei plasserte temmeleg langt frå bakvegg.
* Fotnote: Eg er pt. langs to spor, det eine er aktive/vegghengde som ville løysa mange av problema mine, og faktisk kunne verta fint. Det andre er platespelarar, røyrforsterkarar og slikt, som ikkje løyser nokon ting, ikkje bør nær barnehender og skaper ei rekkje nye problem. I villreie, og har gått i metning i sumar/haust. Eg finn nok ut av det til slutt. Min mine problem kan vi ta i min tråd.