Tweedjakke
Hi-Fi freak
Ja. Bergen er ein by der folkemeininga ser på alt som er nyare enn 1905 som "moderne", og gøymer det bort så godt dei kan.Huset som startet hele diskusjonen virker opplagt å være designet som et Art Deco-hus. De to eksemplene dine like så, selv om de på Wikipedia refereres til som funksjonalisme.
Men bygg kan kanskje vera begge delar, at vi kan snakka om ulike impulsar, heller enn klart atskilde stilar? Til og med Korsmo brukte både halvsirklar (Villa Damman) og runde vindaugo: Iallfall eitt av husa i Havna allé har tydelig "maritim estetikk", utan at eg heilt hugsar kva for eitt.
Altså, at art deco på sett og vis utgjer "strukturelt dekorative" element som sirklar og avrunda hjørne, dampskipsestetikk osb, samtidig som bygget elles kan vera funksjonalistisk. Art deco har eit element av pynt (eg er pyntens riddar!) i seg, utan tvil, men er samtidig langt frå dei organiske formene i art nouveau/jugend.
Spekulativt, at den estetiske vidareføringa av art deco-impulsen er streamline-modernismen, medan den strengt saklege, tyske (og franske) funksjonelle modernismen vert til "international style"?
Edit(1): SNL omtalar Thilo Schroder, tyskar som flykta til Noreg i 1938, som både "inspirert av art deco" samtidig som han "tegnet hovedsakelig bygninger i funksjonalistisk stil"
Edit(2): Ser at Riksantikvaren kallar Forum kino for "unik i nasjonal samanheng og eit sjeldsynt døme på art deco-arkitektur i Noreg."
Apropos Bergen: I det heile teke frykteleg synd at Danmarksplass, altså frå Forum og opp til Bergen yrk, har fått æra av å ta hand om heile gjennomgangstrafikken i Bergen, og vert spegla av nokre gyselege høgblokkar på motsett side av plassen.
Sist redigert: