Handelen 19.9 (33'000 aksjar) illustrerer litt av problemet med det Sindre Finnes' handlar (no kallar eg han Sindre, for eg lever meg slik inn i korleis han har hatt det): kvifor dette neppe er "innside" iht. lova, men likevel politisk problematisk.
Kva informasjon låg føre denne dagen, og kva kunne Sindre ha plukka opp? Det alle visste var at dei borgarlege partia hadde eit klart fleirtal i Stortinget (valresultatet), og at det dimed var gode sjansar til borgarleg regjering - dersom H og FrP var budde på å koma dei to småpartia i møte på nokre prinsipielle spørsmål (først og fremst miljø og abort). Dette var knapt nok ei overrasking - Venstre hadde gått til val på at dei ønskte ei blå regjering, men ho skulle vera "blågrøn", ikkje "mørkeblå" (som Grande sa på landsmøtet i april). Sonderingane starta tysdag 16.9, og då var det nok klart at det ikkje var full skjæring.
Eigentleg trong ikkje Solberg båe to: men ho burde ha dei med etter "Civita-strategien" som hadde vore meisla ut på frukostmøte etter frukostmøte, strategiseminar etter strategiseminar. Dessutan ville støtte frå båe gje regjeringa vesentleg større handlingsrom, og slik i sum kanskje kosta mindre enn støtte frå ein av dei.
Akkurat nett kva hestar som kom til å verta handla, var neppe klart 19.9. Det Sindre kunne vita, var at det iallfall ikkje var full skjæring, og det er ikkje usannsynleg at han visste akkurat det betre enn mange andre.
Då handlar Sindre, reint bokstaveleg. I motsetnad til investorar utan samfunnsinteresse, er han levande interessert i norsk fastlandsindustri og industripolitikk, og hugsar svært godt at Ap måtte bremsa gruveplanane i Sogn og Fjordane, sikkert av omsyn til SV som hadde det unekteleg morosame slagordet "Ikkje drit i fjorden!". Han måtte ikkje bruka tid på å forstå informasjonen, lesa rekneskapen for Nordic Mining eller spørja nokon om lov. Snarare tvert om, han sjansar, men med ei velkvalifisert grunngjeving, på at det kom til å gå vegen for gruveslam i norske fjordar.
Han vert sikrare i saka 30.9, 3.10 og 4.10.
Kanskje visste han på nokre av desse tidspunkta litt meir om forhandlingane enn det som vart slept til media. Det er ikkje sikkert. Kanskje hadde han sjansen til å påverka Høgre og Solberg til å gje Venstre LoVe i staden for Førdefjorden. Det er ikkje sikkert. Konklusjonen var uansett ikkje krystallklar før Sundvolden-erklæringa vart presentert 7.10. Då reagerte marknaden.
All informasjon før det tidspunktet er indirekte: kva veg det går i forhandlingar og implikasjonen av andre politiske avtalar. Sjølv avtalen kvelden 30.9 er "implisitt" positiv for gruvedrift/sjødeponi. Eg trur at ein aktor skal slita med å bevisa at dette, hinsides ein kvar tvil, må reknast som "presis og spesifikk" innsideinformasjon.
Likevel framstår det for oss, som ikkje handlar aksjar, som veldig skummelt. Det er klart dei politiske rammevilkåra må spela inn. Kor viktig det faktisk er, har eg vorte litt i tvil om. Denne typen priviligert informasjon ser ut til å vera vesentleg mindre viktig enn rekneskapstal og oppkjøp, og ei direkte gullgruve (no pun intended) for Sindre har det heller ikkje vore å kanskje ha tilgang, om vi ser stort på det.
Samtidig vil det vera umogleg å behandla alle politiske forhandlingar som "innsideinfo". Dei som arbeider med slik politikk, vil alltid henta råd i formelle og uformelle kanalar: kva er lurt å gjera, kva er viktigast å få gjennom, kva har eg ryggdekning til. Det kan korkje vera full openheit, eller fullstendig lukka.