PISA-undersøkelsen som måler 15-åringers kompetanse i matte, naturfag og lesing ble lagt frem i dag. Dette er en OECD-undersøkelse.
Fasiten er klar. Norske 15-åringer gjør det stadig dårligere, målt mot snittet i OECD. Kunnskapsministeren er bekymret.
Men det er jo hyggelig i norsk skole da
Norske elevar gjer det dårlegare. Kunnskapsministeren peikar på skjermbruk i skulen som ein del av problemet.
www.nrk.no
Ja, og det var jo ikkje spesielt lystig før heller. Eksamensresultat på 1P (vgs) er ganske nedslåande lesing, med tanke på at dette i stor grad er repetisjon frå ungdomsskulen.
Eg trur det er meir enn berre "skjermbruk" som er problemet.
- Ei radikal omlegging av læreplan og eksamen i retning utforskande matematikk (som på mange måtar er bra, men først og fremst for elevar som meistra det den gamle læreplanen/eksamen bad om).
- Overdrive fokus på programmering og algoritmar, som sjølvsagt er fint, men som tek mykje tid, og som kognitivt set to ganske konkurrerande sett abstrasjonar opp mot einannan.
- Lærebøkene forsvinn, gjerne i byte med "interaktive øvingar" som ikkje let læraren sjå korleis elevane tenkjer, berre om dei ramlar ned på rett svar.
- Lærarar som ikkje kan undervisa "målretta eksplorativt", ikkje kan programmera og er veldig glade i å bruke lærebøker.
Dette problemet, med kanskje halvparten av elevkullet som rett og slett ikkje kan rekna på meir enn barneskulenivå, er eit grotesk problem. Det er ikkje sikkert at PISA gjev einaste svaret på korleis ting står til, men når så og seia alt peikar i same retning, trur eg det er noko i det.
Vi har altså ei matematikkundervising som ikkje funkar for veldig mange elevar. Sannsynlegvis startar problema alt på mellomtrinnet.
(Og, ja, vi har også mange flinke elevar, og dei har sannsynlegvis glede av at arbeidsformene har vorte meir morosame. Kanskje har dei til og med vorte flinkare. Det hadde vore interessant å vita. Eg tok, i vaksen alder, nokre vidareutdanningskurs i matematikk på NTNU (på grunnfagsnivå). På kursa deltok også nokre vg3-elevar som var med på eitt eller anna eliteprogram, og det var utruleg artig å sjå kor flinke desse var.)