Nokre tanka igjen herfrå på en søndag kveld. Våre heime nokre daga no og har framleis ikkje slått på anlegga. Dei står til pynt i stya og i tv rommet akkurat no. Som nokre staute kara som ikkje får lov til å lage liv. Kjenne at eg har mista litt av gløden med musikk, mista litt av gleda med hifi då fokuset litt litt andre plassa.
Dei timane eg klare å samle tankane mine til nåke som liknar på fornuftige tankar så er det ikkje musikk og hifi det går på, Her er det en kamp heile tida om å få i seg mat, stå opp, ha reine klede, ha mat i huset og no få pynta juletreet. Monge ler sikkert av det, men eg slite med å bestemme meg for kvar kulene skal henge. Henge nokre opp, så går eg litt ifrå og så må eg henge dei an anna plass. Mykje rot i toppen rett og slett som gjer at eg vert usikker på valga eg har.... når det kjem til en slik filleting som å pynte et jævla juletre.
Men får ta litt om litt når eg orka. Mangdag i morga, då er planen at eg skal på trening, starte på det nye opplegget eg har fått med fysio. Litt meir målretta trening enn å berre gå på treningssenteret og løfte i vei. Men kjenner at eg grua med sikkelig til å gå. Tenk om eg møte npken eg kjenne, tenk om dei synes eg oppfører meg rart. Mykje slike tanka som svirra rundt i haudet. Dårleg evne til å verte fredig eller holde på med en ting over litt tid. Sletta alle platene mine i discogs appen, då eg har lysst til å legge inn platene på nytt sida eg har mista fullstedig kontroll på kva plater eg egentleg har etter det store salget i vår. Vel fikk lagt inn 6-7 plater så var eg berre sittande å stirre tomt ut i lufta. Veit at det berre er haudet som driv å tulla med meg, og at det ikkej skal være slik. Men desverre så er det slik og eg synes det er vanskeleg å gjere nåke med det. Satsa no på at det kjem seg etterkvart.
Vert uansett en spennande dag i morga, Venta på tlf fra et par plassa som eg kanskje skal byrje å gå til. Rett og slett grunna til å stå opp om morgonen og kome seg ut. Vert også å få litt hjelp her heime i til som feks vask av golv og slike ting. Men kjenner at eg er skeptisk rett og slett fordi det står så mykje saker av verdi her. Ser for meg at personen sveiva den longkosten eller moppen og desa inn i rack eller høgtalarar... huff...
Men treng litt hjelp til slikt, så må nok finne på nåke for å løyse det...
Berre skriv litt om tankane mine her igjen då det hjelpe meg å setje ord på dei og sjå kor teite tankane mine er. Litt sånn eigenterapi.