Heilt sikkert; for min del (Leaf) har folkeladarane vore meir enn tilstrekkelege. Eg trur på at det er bra, altså.
Men hurtiglading er liksom ei triviell greie. Og keisamt. Ja, appen skal funke og ladaren skal snakka med bil(ane). Men det er infrastruktur på aller lågaste nivå. Det er grenser for kor mykje meirverdi det ligg i ein skikkeleg god hurtigladar motsett ein som fungerer. Og det skal ikkje så mykje til før det er viktigare at ladaren er der enn at det er ein Tesla-ladar.
Sidan eg køyrer ein undermåls elbil ladar eg temmeleg ofte, så eg bruker oftest ein ladar som er tilgjengeleg, sjølv om det fører til nokre minutt der eg må finna ut korleis eg skal får betalt på nett denne ladaren. Ny app, eller kva.
Det er sjølvsagt fint at Tesla er top-notch her, men det er ikkje særleg meir spanande enn at Circle K let meg betala for diesel via skiltnummeret (har aldri prøvt) eller at eg måtte installera ein app for å vaska bilen på Shell i helga.
Eg forstår at dei som ev framleis har “free forever” er litt sure om nettverket ikkje vert bygt ut lenger, men samtidig forstår eg om Musk ikkje har lyst til å dytta masse pengar inn i å drifta ladeparkar.
Volvo-avtalen som
@Ole_Martin refererte, med von om å standardisera Tesla-pluggen i Nord-Amerika, les eg som like mykje eit steg i retning å få dette med ladestasjonar ut av likninga.