Tweedjakke
Hi-Fi freak
Ja.Det står ganske mye om det i arbeidsmiljøloven, men det er selvsagt praktisk for arbeidsgiver om staten tar regningen i stedet.
I dette tilfellet er jo situasjonen ganske klar (fyren har jo sagt opp, står det i avisa), men i ein del tilfelle hadde nok det siste alternativet du skisserer vore rett. Men norsk arbeidskultur er i mange tilfelle ganske konfliktsky, og det å løysa det med sjukmelding er ein måte å "roa det ned" utan å måtte gå til såpass kraftige tiltak som AML opnar for. Avskjed/suspensjon er jo også slik som dei fleste vil ta vidare til retten dersom det ikkje er klinkande klart.
Altså: Eg seier ikkje at sjukmelding er rett i desse tilfella. Snarare tvert imot. Men i desse tilfella er det ein mekanisme som smør det norske arbeidslivet.
Det er også av og til sjukmeldinga kjem som ein reaksjon på problem som arbeidsgjevar ikkje vil anerkjenna (urimeleg arbeidssituasjon, personkonfliktar), og slik vert ein slags sikkerheitsventil den vegen. Behageleg for begge partar, på sett og vis. Det er nok ein del som slengjer med leppa ("nei, no seier eg opp!"), men det er ofte unnataket.