Kutt ut KRL faget, kan være en tema uke i stedet med forklaring på hva slikt ofte egentlig er. For noe forbanna fjas at slikt tøv enda læres bort.
Eg er veldig skeptisk til å kutta (K)RLE. Det er nesten så eg skulle ønskt at faget vart styrkt.
I ei stadig meir globalisert verd, der religion og religiøs tilknytning er ekstremt viktig for svært mange, meiner eg det er viktig å ha ei ganske brei forståing av dei største trussystema (religionane) og korleis (andre si) tru vert utøvd og fungerer i dagleglivet. Særleg sidan dette nesten tabu å snakka om i dagleglivet, og då er resultatet at ein går rundt med i beste fall ei svært karikert førestilling av kva dei andre trur. Altså, eg vil ha eit fag som møter både kristendom (med viktigaste variantar), jødedom, islam, buddhisme, hinduisme og ateisme med same openheita og respektfulle interesse.
Som historikar meiner eg også at dersom vi prøver å gripa fortida utan å forstå det religiøse aspektet av folk sine liv, kjem vi til å famla i blinde. Fleire i Ukraina-tråden har også argumentert for at for å forstå den politiske situasjonen i Aust-Europa, må vi også forstå korleis førestillingane i austkyrkja skil seg frå dei i Vest-Europa.
I tillegg fungerer KRLE som ein slags felles møteplass der ungane kan diskutera etikk og moral utan at fasit alltid er gjeve på førehand. Det å kunne delta i slike diskusjonar, og ta inn over seg andre sine heilt andre synspunkt, tenkjer eg er sentral i ålmenndanninga.
Det er for så vidt rart (og ein anakronisme) at dette ikkje er ein del av det store «samfunnsfaget» (samfunnskunnskap, geografi og historie) i grunnskulen, og dersom vi kunne behalde det samla timetalet kunne vi gjerne slått dei saman og gjort det til eit firekomponentsfag.
Når det gjeld sidemål, har eg aldri oppfatta det som eit særleg problem. Eg trur også du er i overkant optimistisk når det gjeld kor mange timar du kan tena på kutta det.