Amerikanske forfatningsgrunnleggere innledet et enormt filosofisk og vitenskapelig basert prospekt, i opplysningstidens ånd, for å ”unking ourselves”, og det skapte de revolusjonære ordene Uavhengighetserklæringen innledes med, som førte til Liberté, egalité, fraternité i Frankrike, da det landet tok etter USA i opprør mot kongemakten og kongelig suverenitet.
Det er det ingen tvil om (heller ikkje at desse grunnlovsfedrane henta inspirasjon frå tankane om stat og forfatning som utvikla seg under einevelda i Europa; men som i stor grad vart sensurerte der). Demokratiet i USA var eit fabelaktig godt praktisk svennestykke i statsdesign, som først no verkeleg byrjar å knaka i samanfatninga. Det måtte rett nok ein alvorleg borgarkrig til etter drøye 80 år for å konsolidera forfatninga, men samanlikna med kva som helst anna er den amerikanske grunnlova imponerande.
Demokratia (og demokratiseringa) opna for ein mykje friare både forsking og diskusjon om kva eit godt samfunn kunne vera; einevelda (og reelle monarki) var på sitt beste prega av ein "så langt, men ikkje lenger" når det galdt spørsmål som hadde med staten å gjera.
(Slik ein td. kan hevda om diskusjon om statssaker i autoritære samfunn i dag. Det er klare grenser for kva ein kan seia, og korleis, sjølv om ein ofte kan verta mildt forbausa over kva ein faktisk kan seia. Liu Cixin har til dømes ei (for meg) overraskande frimodig framstilling av kulturrevolusjonen, sjølv om dagens Kina ikkje vert kritisert, og sjølv om han måtte gje skildringa ei litt mindre framtredande rolle i den kinesiske utgåva av boka si).
Argumentet mitt er at det i all hovudsak er behova til dei framvoksne statane som var grunnlaget for etableringa av vitskapane, først naturvitskapane og dinest samfunnsvitskapane. ikkje demokratiet i seg sjølv. Folketeljingane, kanskje utgangspunktet for kvanitativ sosiologi, oppstod under eineveldet, med behov for å konkret kunne berekna kva ressursar kongen sat på med tanke på skatteinngang og, i Noreg, militære ressursar. Det same gjorde primitive former for statsøkonomi (av det, merkantilismen).
Det enklaste argumentet for slike samanhengar er tidslinja.
Så, ja, sjølv om eg er sterk tilhengar av både demokrati og vitskap, er det mildt forvrengande å framstilla det som at det er demokratiet i seg sjølv er opphavet til vitskapen.
Sjølv den romersk-katolske kyrkja, i tida då ho var det næraste vi kom statsdanning i Europa, bidrog til å oppretta ein slags protovitskap i dei fagfelta ho brydde seg om.