Eg fekk sikringskrinsen til å tilte, eg også. Spelte for full guffe ei stund. Full guffe!
Det er veldig tilfredsstillande at lydkarakteristikken ikkje endrar seg ein tøddel frå "passeleg høgt" til "svinehøgt". Det kjem sikkert av den gode volumkontrollen.
Når det gjeld å finne noko betre enn Emitter 2 Exclusive, tenkte eg lenge på andre ting før eg enda opp med denne (nei, eg kjem nok ikkje til å bytte slik det ser ut no). Eg tenkte på rør, og såg nokre alternativ: Manley Neoclassic 500, McIntosh rørmonoblokker, VTL sine større beist, ARC sine toppmodellar, Rogue sine to største (og kanskje nokre få til i 3 - 500Wklassen). Men så var det dette med varmen, straumopplegget og ikkje minst rørskiftet som før eller seinare må komme). Både desse og transistorforsterkarar betingar stort sett separat for/effekt, og då vert det mykje stæsj, då også.
Så var det dette med smaken. Eg må innrømme at ein full Manleypakke har kvalitetar som få (ingen) transistoroppsett vil ha. Det spelar svært engasjerande, dynamisk, finoppløyst (spesielt i triodemodus) og nyansert, men Emitter 2 Ex er svært nøytral, kanskje det mest nøytrale eg har høyrt av forsterkarar, og bassen kjem veldig godt gjennom. Så har eg ambiasjonar om å vurdere ein del komponentar som strengt tatt krev at anlegget mitt ikkje har for "glade fargar" om eg skal beskrive korleis dei høyrest ut.