Ein drøymeplatespelar måtte vere bygd til huset. Med ein sokkel rett ned på grunnen (vi har frå tid til anna jordskjelv, men det er ikkje så ofte at platespelardesignet måtte ta omsyn til dette, tenkjer eg). Sokkelen burde kanskje vere av granitt?
Sjølve platespelarkabinettet måtte vere av kleberstein, og godt over 200 kg for å sende alt som liknar på resonansar (no resonerer ikkje kleber, men likevel....) ned i frekvensar som er uaktuelle å registrere på nokon måte.
Armen er eg usikker på. Eg vil gjerne kunne skfite pickup fort og greitt, like raskt som på min JMW. Men eg vil ha tangentialarm. Ikkje luftlagra, men noko like friksjonslaust. Og stivare. Trur ikkje noko sånt finst pr dato, så det måtte utviklingsavdelinga ta seg av.
Den laminerte platespelartallerkenen av ymse steinslag måtte vere ekstremt godt balansert, elles ville det vere eit problem å få ei så stor masse til å rotere - det er snakk om mykje masse. Eg veit ikkje akkurat kor mykje, men nokon må heilt sikkert hjelpe til med å få han på plass på drivverket, som sannsynlegvis vert spesialbygd ut frå Verdier sine grunnprinsipp.
Design og utsjånad elles skulle kona få ta seg av. Ho har god smak (og så får ho det som ho vil, kanskje?