Derfor er det ganske ok å (fossilt)puffe avgårde i 80 mil (eller litt til) i -15 °C, og det det eneste man "bekymrer"

seg for er om man finner en en passende busk hvor man kan lense....
I mi verd er strekk på 80 mil relativt sjeldne, og definitivt på grensa der eg vil vurdera fly.
Erfaringa er likevel at det slett ikkje er dumt med ein pause undervegs, at det ofte er naudsynt å fylla bensin/diesel uansett og at det definitivt er mest triveleg å ta dei anten åleine (endeleg tid til Wagner!) eller berre med kona.
Det er mogleg at sjølv 700 km WLTP er eit problem for dei (du og eit par andre) som kjøper bil ut frå behovet for å gjennomføra slike etappar på kortast mogleg tid.
Det sagt, eg kunne tenkt meg ein elbil som greidde Sunnmøre-Oslo utan stopp (ca 55 mil). Eg veit ikkje om 700 km er innafor der; topografien på Vestlandet er energikrevjande. Men det hadde uansett ikkje vore avgjerande, berre ein kjekk finesse.