Det er MBF ja. Jeg har jobbet med slike system tidligere og har laget 2 modeller som fungerer fint. Disse brukte en piezo sensor som veier 4g og det var en utfordring. Maksimal g på en bassdriver driver blir fort 100g og 4gram blir da 400 gram som helst ikke skal skape ubalanse. En krone veier omtrent 4 gram og det fungerte greit.
Jeg fikk ned forvrengningen på en Peerless XLS 10" med rundt 15dB.
På en billig 15" lagde jeg en "plattform" av karbonfiber som jeg limte inne i spoleformen. På denne monterte jeg også et varmeelement og temperatursensor for å holde temperaturen stabil.
På denne versjonen klarte jeg nesten 20dB reduksjon av THD ved 25Hz
Spenningen ut fra akselerometeret er det samme som spenningssignalet så her er det bare å forsterke og summere helt til fasedreiningen gjør systemet ustabilt.
20 dB er ikkje dårleg. Å nytta eit akselerometer er ei mykje betre løysing enn å måla hastigheita (ved å måla spenninga over ein liten motstand i serie med drivaren), for ein slepp då å derivera hastigheitssignalet for å få få eit signal som er proporsjonal med akselerasjonen. Sjekka du kor mykje resonansfrekvensen vart redusert? Men aksellerasjonstilbakekopling fører til at dempingsfaktoren vert redusert, så ein lyt òg ha hastigheitstilbakekopling for å innføra meir demping. Men det er greit å få til ved å integrera signalet frå akselerometret. Det finst mange interessante publlikasjonar om MFB [1], [2], [3], [4]. J. Klaasen and S. Koning arbeidde hjå Philips i Eindhoven, og i ein kort periode på 70-talet produserte Philips ein liten MFB-høgtalar (lukka kasse).
Referansar
[1] W. Clement, “A new approach to loudspeaker damping,” Proc. IEE, vol. 35, pp. 20 – 22, Aug. 1951.
[2] E. de Boer, “Theory of motional feedback,” IRE Trans. on Audio, pp. 15 – 21, Jan.-Feb. 1961
[3] J. Klaasen and S. Koning, “Motional feedback with loudspeakers,” Philips Technical Review, vol. 29, pp. 148 – 157, 1968.
[4] J.A.M. Catrysse, On the design of some feedback circuits for loudspeakers, J. Audio Eng. Soc., Vol. 33, No. 6, juni 1985, ss. 430-435.