En «ulempe» med å ha elementer plassert nærme gulvet er at man får redusert søkk i midbassen pga gulvkansellering??
Eg vil heller seia at for dei fleste høgtalarar er det ein fordel å ha basselementet nære golvet. Då vert den fyrste golvkanselleringa bevega opp i frekvens, helst utanfor arbeidsområdet til bassen. Viss du då har ein mellomtone som sit ein del høgare vil golvkanselleringa vera utanfor arbeidsområdet til denne òg (i dette tilfellet under arbeidsområdet).
Dette avheng av både lytteavstand og delefrekvens, men jo større forskjell det er i høgde mellom mellomtone og basselement, jo større frekvensområde har du tilgjengeleg for ei deling der du unngår den verste golvkanselleringa. Sjølvsagt er eit anna problem då at interferensmønsteret mellom bass og mellomtone vertikalt kan verta stygt jo lengre frå kvarandre dei er montert, så det er ein balansegang.
Sei me sit 2 meter frå høgtalaren, lyttehøgde 95cm, og senter av basselementet er 30cm over golvet. Då vert avstand på direktelyden sqrt((0,95m-0,3m)^2+2m^2) = 2,1m
Avstanden frå refleksjonen er sqrt((0,95m+0,3m)^2+2m^2) = 2,36m. Forskjellen er 2,36m-2,1m = 0,26m (avrunding). Den fyrste destruktive interferensen skjer ved halv bølgelengde forskjell, som i dette tilfellet er (343m/s)/(0,26m*2) = ~670Hz om ikkje eg har rekna heilt feil.
Så kan ein gjera det same med mellomtona for å få ein grei pekepinn på kva slags delefrekvensar som er lure. Eventuelt kan ein òg modellera golvrefleksjonen i vituixCAD (mykje raskare).