All mulig innsats til tross, stadig færre vil bo på små steder. Slike har det vært lenge, og nå kommer de brutale konsekvensene. At det blir færre elever i Innlandet, skyldes valgene foreldregenerasjonen tok for flere år siden. Mange av de som er født på små steder, flytter ikke tilbake når de skal etablere seg og stifte familie. De velger å bo andre og mer tettbefolkede steder.
Det er litt sant i dette.
Det vi ser i dag (over langt tidsperspektiv) er ikkje påtvunge på same måte som Aps sentraliseringspolitikk i etterkrigstida.
Det er heller ikkje direkte grisgrende strok som vert avfolka. Eg køyrer gjennom Ottadalen ein handfull gonger i året, og det er yrande liv og tjukt med turisme. Gardane er store og fine, og iallfall i ei slags drift. I Fossbergom, eit av dei få gjennomdesigna bygdesentra i landet (eg misliker stilen, men det er iallfall gjennomført), er det fjonge restaurantar, kafear og dyre sjapper som sel friluftsutstyr. For dei som har fast jobb og hus i Skjåk, Lom eller Vågå, er det sannsynlegvis uforståeleg kvifor det ikkje skal vera liv laga i dalen. Lom kommune framstår heller ikkje som hardt råka av den økonomiske krisa i mange kommunar står i.
Det er ikkje noko poeng å krangla på at det vert færre folk inst i Innlandet, men det er ikkje slik at "akkurat no går det ikkje lenger".
Nedlegginga er forståeleg ut frå eit rasjonaliseringsperspektiv (overkapasitet i utkanten er det vanskeleg å utnytta), men samtidig er ho proaktiv. Det er ikkje, slik eg har oppfatta det, akutt krise på avdelinga på Lom. Snarare er det fordi sjølv ikkje dei mest optimistiske framskrivingane kan få det til å verta folketalsoppgang på lang sikt.
Det bur ikkje så veldig mange i Lom og Skjåk. Ca 4'300 fastbuande, jf Wikipedia. Tettbygd er det ikkje, det bur vesentleg fleire i gangavstand i bygdebyen min. Men saman med nabokommunen (til saman i overkant av 20'000 innbyggjarar) har vi to store vgs med 3-4 parallellar på dei mest populære linjene (studiespes og elektro), i all hovudsak med lokalt elevgrunnlag.
Når Innlandet fylke vel å ikkje halda liv i ei temmeleg lita avdeling (sannsynlegvis fem klassar til saman), så handlar det nok om at desentralisert struktur i seg sjølv er dyrare enn store sentralskular. Skulle du sett på verre.