Ein treng ikkje bu i by sjølv, dersom ein har nettverk som går dit....
Hifibutikkane er definitivt ikkje mykje å skryte av, og det musikalske interessefellesskap avgrensar seg til ein ganske så eksklusiv krins.
Og så trur eg det er betre for ungane i utkanten. Dei skikkar seg iallfall sånn passeleg...og eg slepp å køyre dei på korps og fotballtrening (men turneringar og sånt slepp eg ikkje unna...)
Dessutan har eg flottaste utsikt av alle her på hifisentralen (Kanskje med eitt unntak som eg veit om...)iallfall når eg får saga ned bjørkeskogen naboen er så glad i....men vi er snille her, så det får vente nokre år.
Stort hus og hage, plass til grønnsaker, rips, sol-, bringe- og jordbær, morellar og plomer (med varierande haustingresultat, noko som er ein del av sjarmen. Drivhus har eg også, med eigne druer (fekk 28 kg mitt beste år, men no er vinen så billeg på polet at eg ikkje gidd lenger. Vil heller ikkje lære ungane opp i handverket)
Vurderer lysthus a la Knut Vadseth - livet består av meir enn hifi...
Kan gå frå huset og vere på snaufjellet på 1 time. Ungane går sjølv til badestranda, og det tek 5 - 6 min (same som butikken og skulen), så eg slepp køyringa.
Elles kan eg spasere på jobben. Tøft, kva? Og sende ungane på butikken for å handle (vel, ein gong kva 14.dag provianterer vi på polet i ei av nabokommunane)
Ferie vert austpå, og i Portugal.
Selde nettopp båtplassen, har ikkje båt for tida. Dumt, eigentleg, har tilgong til svært flott havområde.
Og så er det NYNORSK som er administrasjonsmål i kommunen. Og lokalavisa har etter kvart fått mesteparten av stoffet slik også.
Milde vintrar og regnfulle somrar....ikkje så stabilt ver at du kan planlegge skiturar, men det er ein del av sjarmen/livsstilen.
Kan ein eigentleg ha det betre? (Ja, stor platesamling og godt stereoanlegg også...og tre - fire rom til ulike lyd/bildeaktivitetar, slik at ingen treng å innordne seg noko spesielt...)