Matter kan ein eksperimentere med. Min spelar (VPI, ikkje Nottingham) har ein spesialtallerken som liknar litt på Nottinghamtallerkane. Tung som juling (12 kg), og tiltenkt å ha plata rett på + platekrans og lodd. Det verkar bra, men så har eg prøvd det meste av andre underlag. Dei fleste har eigen karakter, men det er vanskeleg å seie kva som er "best", så det er ikkje dumt å prøve seg fram.
Trass i tilrådingar om å bruke tallerken utan matte, har eg for tida ei portugisisk skinnmatte under, og tykkjer det fungerer svært godt. Uansett, pass på å justere VTA om du skiftar til eit underlag med anna tjukkkleik. Og pass på platehygiene, spesielt om du brukar hardt underlag.