Det er faktisk ikke lov til å parkere med hjulene på utsiden av de hvite strekene !
Det er sant. Men, for å omskriva DG i Jan Guillous Hamilton-serie, "det er forskjell på Guds lov og Vegvesenets forordningar". Dessutan er det så mykje rar parkering rundt den barnehagen at eg ikkje trur dobbelparkert bil er det første som hadde vorte bøtelagt. Det kan likevel vera eit utgangspunkt for vurderinga.
Eg tenkjer, til mitt eige spørsmål.
(Dersom du les dette, les det gjerne slik du ville lesa
Skikk og bruk frå 1960, redigert av Waldemar Brøgger. Eg kan neppe gje den boka nok ros, og det aller meste er, med lett omskriving, absolutt fornuftig også i dag. Dei fem sidene om korleis ein skal helsa med hatten er kanskje litt utdaterte).
1) Sjølvsagt er det usympatisk å dobbeltparkera slik berre fordi ein har kjøpt ein brei bil.
Svakare naturlege føresetnader er slikt vi bør ta omsyn til i vår daglege omgang med andre. Ein pensjonist bruker naturleg nok litt meir tid på å forstå den automatiske kassa i daglegvarebutikken, ein forelder med småbarn tek naturleg nok opp meir plass på gang- og sykkelstien (til gêne for syklistar i kondomdress). Irriterer ein seg over slikt, bør ein leggja band på seg.
Det å kjøpa ein brei og stor bil er
ikkje ein slik naturleg føresetnad. Sjølv om nokon vel å kjøpa ein stor, dyr bil, sannsynlegvis fordi dei har råd og ønskjer tilhøyrande status, pliktar ikkje andre å avstå frå sin del av fellesgode (her er «godet» gratis parkering framfor barnehagen, og «del» parkering på ein oppmerkt plass dersom slik er ledig) fordi dei skal ha glede av innkjøpet.
Sjølvsagt finst det høgverdige grunnar til å ha stor bil. Ein kan ha stor kropp, stor familie eller eit uvanleg transportbehov, og ikkje råd til fleire bilar. Dersom ein er i ein slik situasjon, bør ein iallfall avbøta med å td. velja ein litt mindre gunstig p-plass og vera den som tek størst ansvar for å sleppa forbi møtande trafikk.
I det store og heile gjev heller ikkje bil, i seg sjølv, rett til å opptre omsynslaust (igjen, les gjerne Ulrik Eriksen:
Et land på fire hjul for ei glimrande skildring av korleis bilistar har opptredd aktivistisk omsynslaust for å fremja bilismen). Sjølv ein liten bil krev mykje plass i trafikken (eit fellesområde), og det er difor bilistar har eit ikkje berre lovpålagt, men også moralsk, ansvar for å opptre omsynsfullt andsynes mjukare trafikantar.
Rangordninga impliserer ikkje ein rett for dei "minste og mjukaste" til å vera omsynslause. Alle har plikt til å ta omsyn til andre, altså hindra andre minst mogleg i sine gjeremål. Eg har ikkje rett til å stoppa midt i ein trafikkert bilveg for å slå av ein prat med ein kjenning, sjølv om vi er "mjukare" enn bilane og det likevel ligg eit ansvar på dei om å ikkje køyra oss ned.
2) Det er heller ikkje udelt sympatisk å åla seg inn ved sida av ein parkert bil.
Dersom parkering gjer at ein sperrar for at andre kjem seg inn i (eller ut med) bilen sin, bør ein i utgangspunktet avstå og heller leita etter ein annan plass, om naudsynt lenger borte. Ein slik manøver vil jo oppta enno meir parkeringsareal over tid. Dersom det er mogleg for "naboen" å koma inn via omvegar (td. passasjerdøra), er saka mogleg å diskutera, men eg trur dei aller fleste bilistar vil oppfatta slik akrobatikk som stressande og ubehageleg.
Ja: eigentleg burde Fru Strikketrøye anten ha venta på ein ledig plass, eller funne ein plass der det kanskje tok fem ekstra minuttar å gå. Det ville nok vore eit lite hinder (frøken Paljettkjole er litt vanskeleg om morgonen, og fru Strikketrøye har dårleg tid), men samtidig bør alle vera budde på å sjølv forsera hindringar for å ikkje hindra andre.
At bil B har parkert uheldig (jf. illustrasjonen) rettferdiggjer ikkje å "straffa" bilføraren ved å påføra han eit anna hinder. Dersom alle skal gå rundt og "ta igjen", aukar vi konfliktnivået unødvendig. Det kan jo vera grunnar til at han valde å parkera slik. Kanskje vart det ein følgjefeil (ein annan bil A' stod innpå plass B då han kom), kanskje fall lyset slik at han ikkje såg kvitstripa. Eller ein annan grunn. Ein urett (eller normbrot) gjer ikkje ein annan rett.
"Jo trangere plass, jo større krav til trafikantenes hensynsfullhet", som Brøgger skriv (fotoserie mellom s. 353 og 354).
3) Moralsk vurdering
Eg meiner altså både bilførar B og bilførar C kunne, og kanskje burde, handla annleis. Stilt opp mot einannan er kanskje det mest å innvenda på parkeringa til bilførar B, men ingen av dei er uklanderlege.
Det særleg klanderverdige oppstår når bilførar B skuldar bilførar C for å vera omsynslaus. Ei slik skulding, særleg mot ei mor som skal levera i barnehagen og dimed er i ein sårbar situasjon, er ubehageleg og retterhaversk. Slikt bør ein unngå, dersom det ikkje er tvingande naudsynt.
2-1 i favør bilførar C, altså.