jmolnes's hifikrok

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    For å legge ut noko som ikkje handlar berre om musikken eg spelar (og kva eg nyt av drikke til), så kan eg nemne at eg har bytta straumkablar. Merka ingen forskjel på lyden. Eg selde nokre kablar med deler frå Furutech, og sette inn nokre eg ein gong kjøpte frå Jorma (jpc 2,5?).
    4DF312D6-82E6-4793-8056-12C95A4EA781.jpeg

    Då kan eg også fortelle at eg nyt ein kopp kaffi, og spelar albumet The Dali CD. Variert musikk, og eit album eg gjerne har med på lyttebesøk.
    6EA9002A-8398-4DFE-A7C0-E01908602BEA.jpeg
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Når dette albumet er ferdig, har eg spelt gjennom 50 album fordelt i to fabelaktige boksar. Dette albumet er eit av dei finaste! Boksane er The Perfect Jazz Collection 1 & 2. Takkar igjen @TT. for at eg fekk kjøpe desse. Dei har gjort ein lang og tung periode lettare!🤩

    Eg har også gjort andre gode kjøp i det siste. Dei fleste av desse er gjort på Discogs. Det viser seg at mykje av musikken eg likar ikkje er tilgjengelig lenger når eg er på sider som Platekompaniet og Amazon.

    Eg vil også takke alle som legg ut musikktips. Slik har eg til dømes oppdaga Tool som er litt utanom det eg til vanlig lyttar til. Dette berre eit eksempel. Brukar Spotify og YouTube til å sjekke ut tips.

    Om 11 dagar skal eg på operasjonsbordet att. Då ventar nye veker med gips og «walker», ventar med å rippe album til då!😊
    8ACF7572-96A8-4116-9530-CD03C4F79D23.jpeg

    Ha ei god helg, folkens!
     
    Eirik84

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    01.06.2011
    Innlegg
    6.382
    Antall liker
    9.815
    Sted
    Drammen
    Torget vurderinger
    13
    Når dette albumet er ferdig, har eg spelt gjennom 50 album fordelt i to fabelaktige boksar. Dette albumet er eit av dei finaste! Boksane er The Perfect Jazz Collection 1 & 2. Takkar igjen @TT. for at eg fekk kjøpe desse. Dei har gjort ein lang og tung periode lettare!🤩

    Eg har også gjort andre gode kjøp i det siste. Dei fleste av desse er gjort på Discogs. Det viser seg at mykje av musikken eg likar ikkje er tilgjengelig lenger når eg er på sider som Platekompaniet og Amazon.

    Eg vil også takke alle som legg ut musikktips. Slik har eg til dømes oppdaga Tool som er litt utanom det eg til vanlig lyttar til. Dette berre eit eksempel. Brukar Spotify og YouTube til å sjekke ut tips.

    Om 11 dagar skal eg på operasjonsbordet att. Då ventar nye veker med gips og «walker», ventar med å rippe album til då!😊 Vis vedlegget 864873
    Ha ei god helg, folkens!
    Takk for bra tips (y)
    Bare med ørepropper på jobben hører jeg at det må være bra stereoperspektiv og mye romfølelse i disse innspillingene. Blir spennende å ta en "sjekk" på anlegget hjemme!

    God helg :)
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Ein gong på 80-talet oppdaga eg jazzfusion gjennom Mezzoforte og Casiopea. Har vore i fjernarkivet og funne fram albuma av Casiopea, hadde berre Mint Jams og Live i hylla. Dette var kostbare greier, og måtte importerast frå Japan. Startar med albumet som ligg fremst, Mo’ (Better) Funk - The Jazz Funk Masters Featuring Louis Johnson.🤩
    F06F2399-4B71-4CF5-905B-0C31868891BC.jpeg
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Har stova for meg sjøl. Nyt ein halvliter Aass og har siste rest Laphroaig som følge. Har ikkje dei tidlige albuma til Gino Vannelli. Fekk tak i albumet Brother to Brother for litt sida. Dette er det sjette albumet han gav ut, og det siste på A&M Records. Åpningssporet Appaloosa er noko av det mest funky eg har høyrd i det siste. Trur eg må sjekke ut dei tidligare albuma også🤔
    6A6E1C1B-2E96-456A-BB43-5DE9F65F6C82.jpeg
     
    Sist redigert:

    YesJens

    Musikkelsker og Livsnyter😊
    Ble medlem
    21.08.2018
    Innlegg
    3.510
    Antall liker
    7.594
    Sted
    Under stjernene
    Når dette albumet er ferdig, har eg spelt gjennom 50 album fordelt i to fabelaktige boksar. Dette albumet er eit av dei finaste! Boksane er The Perfect Jazz Collection 1 & 2. Takkar igjen @TT. for at eg fekk kjøpe desse. Dei har gjort ein lang og tung periode lettare!🤩

    Eg har også gjort andre gode kjøp i det siste. Dei fleste av desse er gjort på Discogs. Det viser seg at mykje av musikken eg likar ikkje er tilgjengelig lenger når eg er på sider som Platekompaniet og Amazon.

    Eg vil også takke alle som legg ut musikktips. Slik har eg til dømes oppdaga Tool som er litt utanom det eg til vanlig lyttar til. Dette berre eit eksempel. Brukar Spotify og YouTube til å sjekke ut tips.

    Om 11 dagar skal eg på operasjonsbordet att. Då ventar nye veker med gips og «walker», ventar med å rippe album til då!😊 Vis vedlegget 864873
    Ha ei god helg, folkens!
    Huff
    Det var da voldsomt hvor plaget du er med foten. Krysser fingrene🤞

    Skal i midten av mnd. få svidd av noen tråder. Gruer meg fordi morfin ikke "bit" på mæ.
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Huff
    Det var da voldsomt hvor plaget du er med foten. Krysser fingrene🤞

    Skal i midten av mnd. få svidd av noen tråder. Gruer meg fordi morfin ikke "bit" på mæ.
    Takk for det, YesJens! Det har i grunnen vore nok for ei stund!

    Kryssar fingrane for deg også! Det finst kanskje andre medikament som "bit" betre? Lykke til i alle fall!🤞🏻
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Musikk på AirPods Pro i kveld og startar med Brian Bromberg. Nyoperert og i god form. Operasjonen gjekk veldig bra, eg har fått godt med lokalbedøvelse og har det veldig bra. Har ikkje vindusplass så difor ikkje utsiktsbilete.
    9DDE6FB5-5950-4234-8E05-3ED37C54087B.jpeg

    Sjøl i min alder dreg eg ned snittalderen på rommet. I morgon får eg reise heim. 😊

    Neste skisesong vert det fleire slike bilete å finne i tråden. Det tretagga fjellet i bakgrunnen heiter Saudehornet (1303moh), og ligg rett over Ørsta sentrum. Eit fantastisk fjellmassiv, og eit populært turområde alle sesongar.
    8214D418-5D4E-4447-830B-6F25D5487361.jpeg

    Ha ein god kveld, folkens! 📱💿🎶
     
    Sist redigert:

    ragwo

    Mud-fi freak
    Ble medlem
    02.05.2007
    Innlegg
    7.535
    Antall liker
    18.426
    Sted
    El-returen
    Torget vurderinger
    44
    God bedring ønskes fra det kolde nord! ISIL will rise again!

    Nå får jeg garantert PST på nakken.
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Ein fin og kort dokumentar om Jan Johansson. Har berre eit album av han, Jazz På Svenska. Det er til gjengjeld særs godt! Andre har lagt ut link tidligare i veka, passa fint å sjå den på NRK nett i kveld.
     
    Sist redigert:

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.454
    Antall liker
    32.397
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Har stova for meg sjøl. Nyt ein halvliter Aass og har siste rest Laphroaig som følge. Har ikkje dei tidlige albuma til Gino Vannelli. Fekk tak i albumet Brother to Brother for litt sida. Dette er det sjette albumet han gav ut, og det siste på A&M Records. Åpningssporet Appaloosa er noko av det mest funky eg har høyrd i det siste. Trur eg må sjekke ut dei tidligare albuma også🤔 Vis vedlegget 865166
    I min ungdoms hardrocka tilværelse, var Gino Vannelli, og særlig dette albumet, (og gruppa Tower of Power) mine guilty pleasures.
    Ennå artister jeg hører på med glede.

    Godt å høre at det går framover med deg, fortsatt god bedring!

    /Morten
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    I min ungdoms hardrocka tilværelse, var Gino Vannelli, og særlig dette albumet, (og gruppa Tower of Power) mine guilty pleasures.
    Ennå artister jeg hører på med glede.

    Godt å høre at det går framover med deg, fortsatt god bedring!

    /Morten
    Tusen takk skal du ha, Morten!

    Eg oppdaga begge disse på 80-talet. Har vore på konsert med Tower Of Power ein gong, det var på Rockefeller i 1992 trur eg. God opplevelse som eg hugsar godt endå.

    Mvh
    Jon Magne
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Då har eg fått kome meg heim😊 Sofateneste litt utanfor sweetspot, men nyt musikken i fulle drag likevel! Veret er ikkje det verste heller!
    3BE5A1D7-269D-4A96-8CD4-3631C9572787.jpeg

    Første album i spelaren vart dette:
    E57343FA-FF34-4C21-86C2-0BE71E986062.jpeg
     
    MFA

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    15.09.2007
    Innlegg
    690
    Antall liker
    2.220
    Torget vurderinger
    1
    Heisann

    Følger tråden din med stor interesse. I min ungdomstid begynte også musikkinteressen med mezzoforte, koinonia, abraham laborel mm. Dette utvikla seg til store deler av grp katalogen. Dette har fulgt meg videre og jazzkatalogen hjemme blir stadig utvidet. Kjenner til mye av det som blir nevnt i denne flotte tråden og plukker opp mye nye gode tips.

    Jeg spiller ikke ofte Cd lengre og har de på «fjernlagring» langs en vegg i en gang. Hver gang jeg er innom her og titter får jeg inspirasjon til å gå ut i gangen og plukke litt og lete etter ting jeg hadde glemt jeg hadde. God bedring og en strålende dag videre.

    Atle
     
    Tusen takk, det var kjekt å høyre! Dei nemnde artistane, og fleire, førte meg også inn i jazzverdenen som du sikkert har lagt merke til!😊
     
    • Liker
    Reaksjoner: MFA

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.880
    Antall liker
    6.175
    Eg skal vere solidarisk med dykk som minner om at det er "lisje laurdag", og opnar ei øl her også. Set på eit album eg ikkje veit noko om, anna enn namna på coveret. Tok det med i ein liten bunke frå ei tikroners kasse på Platebaren. Fin musikk er det også!
    E2F8BE31-1E3E-423E-B05E-C28123290339.jpeg

    Ha ein fin kveld, folkens!😊💿🎶🍺
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn