Heisan!!
Eg måtte ringe ein kamerat her om dagen for hjelp til å bære inn Bat VK 600 SE:
La meg sei dette med ein gong.
Eg likar BAT ;D ;D !!!
Samanlikna med Single Six sine 18 nydelege watt blir dette litt av ein overgang.
Eg har inntrykk av at her er det berre å gje på til SF Guarneri ber om nåde. VK600SE ensar overhodet ikkje belsatninga frå desse.
I motsetnad til Single Six er her full kontroll heile tida sjølv om eg spelar høgare en eg nokon gong har gjort før.
Denne er rett og slett brutal (eg likar det) og alltid med på og klar for litt moro. Utan å gå
tom uansett kva du belastar den med, har eg intrykk av.
Eg må og få sei at eg er mektig imponert over desse 18w til Single Six. Den bøyer ikkje av eller mister kontroll før vi er laaangt over mitt lyttenivå.
Single Six er nok varmare og meir gjennomsiktig og eg likar det slik. BAT er og litt varm (om det går og sei det) men ikkje like gjennomsiktig og `nær`
om det lar seg å forklare det slik.
Å samanlikne to so forskjellige effektar går vel nesten ikkje an. Eg likar begge to eg, men lyt velge.
Dette blir som å velge mellom ein god raudvin og ein god cognac.
Det som avgjer kva du tek eit glas av ein kveld du vil kose deg, er kva humør og stemning du er i.
Eg kunne lett ha levd med begge alternativa, men eg har valgt.
Denne blei kobla opp i dag..
Emm Labs combo og Lamm L2 saman med Single Six Og BAT