Det skulle vel vore skrive eit essay om det er slik at folk som brukar ressursane sine på klesutsjånad har same tendensen når det gjeld stereoanlegg. Men det er vanskeleg. Ein må rimelegvis trekkje inn funksjonalitet, pris og sjølve kvalitetsomgrepet, og då har vi det gåande. Eg har slite ut tre flotte jakker frå Norrøna, og har vore svært fornøgd med dei; dei har vore funksjonelle til mitt bruk, og har tålt like mykje uver som meg sjølv (i motsetnad til nokre rimelegare ting frå mellom anna Helly Hansen). Men eg tykkjer prisen er for dryg etter kvart. Så sist gong skifta eg merke og gjekk over til Bergans.
"Kvalitet" på ei slik jakke er for meg fyrst og framst funksjonell utforming. Særleg hetta tykkjer eg er viktig. Men også utforming/plassering av glidelås og lommer er detaljar som eg bryr meg om. Så må det vere råd å røre seg inne i klesplagga. Helst også arbeide. Utan at eg vert sveitt for heilt kvardagslege rørsler.
Dernest kjem kvalitetane til stoffet. Eg likar å ha ei jakke som kan krøllast saman og stappast i ein liten sekk når ein går i motbakkar. Då vert stoffet tynt, og gjerne mangelfullt når det gjeld kor vasstett det er. Fargen er også ein kvalitet. Sjølv om eg ikkje har funne det føremålsteneleg å gå til ein fargeterapeut (eller kva dei no kallar seg, dei som livnærer seg gjennom å ta honorar for å fortelje damene at dei er "vår", "haust", "sommar" eller "Vinter" (artig å sjå når desse 4 hovudkategoriane kan skifte...ikkje frå dame til dame, men med samme dama når ho går til ulike terapeutar). Det er også interessant å høyre kva som passar saman i dag, sett opp i mot kva som var stygg mismatch for 6 -7 år sidan. Ser på lærarrommet at det plutseleg...altså i laupet av ca 7 år...har vorte pent med blå sofa og grøne stearinlys til "kos", sidan dette var skikkeleg kræsj sist gong dette var prøvd). Å matche fargar på tekstilar er tydelegvis minst like krevjande som å setje saman stereoanlegg. For meg er kvalitetsfarge noko som får klede til å skilje seg ut frå bakgrunnen, slik at eg finn att familiemedlemer i store folkemengder, koffertar på samlebandet på flyplassen, eller ser kvar teltet er plassert om kvelden i høgfjellet. Refleks og denslags har også stor funksjonalitet, og med det kvalitet.
For retteleg primitive såkalla mannfolk ser eg også påfuglparameteret. Klart dette er eit behov. Men det finnest fuglearter som lokkar til seg hoene ved hjelp av andre teknikkar enn brikjande fargar, og eg føler meg rimeleg fornøgd på feltet. Sjølv om eg innimellom får veldig tydelege hint om at deler av friluftslivs- eller hifibudsjettet må overførast til garderobeinvesteringar.
På den andre sida er eg veldig fornøgd med at min betre halvdel påspanderar seg tekstilar som er utforma ut frå andre kriterium enn det eg sjølv prioriterar. Dette får henne av ein eller annan grunn til å sjå svært attraktiv ut. Eg brukar eigentleg svært lite ressursar på å reflektere over dette, og nyt resultatet i staden. Tida brukar eg til å småfikle med heimeelektronikken slik at m.a. lyden i heime vert rimeleg bra. Det får eg frå tid til anna høyre frå ho eg bur saman med. Og gler meg sjølvsagt over dette.
Eg kunne elles tenkje meg ei slik Norrønajakke.