Takk for hyggeleg kveld, gutter!
Veldig kjekt å høre andres inntrykk av oppsettet. Ros som ris. No var eg, som Iavols påpeiker, mildest talt rask med å koble frå Doxaen idet Finn kom inn med sin Bryston. Eg har innsett at Doxaen ikkje har noko i oppsettet mitt å gjere, og brukte heller kvelden til å få eit inntrykk av match/mismatch med Bryston 4B SST.
Bryston 4B SST vs Lauvland modifisert Doxa 70 Signature MkII
Det blir litt som å sammenligne David mot Goliat dette, men la gå. Oppløsning i det (for det menneskelege øret) kritiske mellomtoneområdet oppfattar eg som meget god i begge to. Joda, eg registrerar ulikheter, det er hakket meir informasjon her, men differansen er ikkje av den mest betydelige. Der stopper også dei tilnærma fellestrekka slik eg oppfatta det i går.
Det er neppe nødvendig å nevne det, men kontrollen i nedre frekvensar er sjølvsagt av ein anna verden med kanadieren. Skulle berre mangle. Resultatet er eit ryddig lydbilde nedover; informasjon som tidlegare langt på veg har drukna i ein einaste overfyldig bassgraut framstår no meget tydeleg. Lydbildet krabbar ikkje lenger nedover enn med Doxaen, kan hende hadde vidare prøving av ht-plassering gitt resultater her. Høgtalarane er plassert ikkje altfor langt frå bakvegg for å kompensere for mangel på kontroll nedover (med Doxaen). Ser ikkje bort i frå at plassering lenger ut på gulvet hadde gjort seg med forsterkeri som har krefter nok til å holde (stoppe) tolvtommarane med jernhånd.
Eg tør ikkje seie noko om oppløsning på Doxa vs Bryston i dette området då Doxaen (som så mange ganger tidlegare nevnt) er underdimensjonert for denne jobben og ikkje har fått vist sitt fulle potensiale. Er vel heller ikkje akkurat utenkeleg at mangel på kontroll nedover har gått på bekostning av øvrige frekvensområder. Slik sett er det godt tenkeleg at Doxaen ikkje har fått vise sitt fulle potensiale i området eg beskriv i neste avsnitt. I begge overfornevnte frekvensområder opplever eg noko bedre dynamikk med Bryston enn med Doxa, ingen tvil om at førstnevnte har rikeleg med kraftreserver.
I dei øvre frekvensar er det tydeleg at Bryston er meir oppløyst enn Doxaen. Lydbildet strekker seg litt lenger oppover, med flott luftig topp.
Konklusjonen min er at der Bryston ikkje tangerer Doxaen, der overgår den Doxaen. Med fare for å virke litt høgt på tå; eg syntest det var vanskeleg å sette fingeren på noko spesielt denne kvelden. Mitt inntrykk er at det spelte bra sammenhengande, oppløyst, dynamisk og engasjerande over heile det gjengitte frekvensområdet (som sagt, det er mulig Revolution hadde klatra litt lenger nedover om plasseringa hadde vore litt annleis. Paul @ PM Audio ønsker å komme ein av dagane og hjelpe meg litt her, ser fram til det). Det var i grunnen vanskeleg å konsentrere seg om å lytte kritisk. Det spelte rett og slett musikk, og var ei nytelse å vere vitne til.
Jaja, så var det ikkje heilt enkelt å unngå å virke overbegeistra ;D
Bryston 4B SST vs DP 6.4
Det er ei stund sidan DPen stod i heimen her no. Det ville derfor vere ei umulig oppgåve for meg å avdekke marginale ulikheter mellom desse to kraftkarane. Eg sat att med to spørsmål etter lytteøkta;
Er oppsettet mitt med Bryston oppkobla såvidt fyldigare bassgjengivelse sammenligna med DPen? Og kan det tenkast at kanadieren er hakket lysare i toppen enn DPen?
Dette er som sagt to spørsmål som dukka opp i forgårs. Sjansen for at dette er innbilning er vel like så stor som at det er tilfelle. Hadde det vore artig å hatt ein A-B test desse to imellom? Definitivt! Blir det veldig lett å få stakkars Finn med på noko slikt seinare? Neppe

Håpar det ordnar seg raskt med forsterkaren din, Finn. Skikkeleg kjipt at den tok kvelden når du skulle koble opp igjen heime hjå deg :-\ Hold meg oppdatert på dette!!
Vel, takk igjen for ein meget triveleg kveld med mykje god musikk

Legger ved eit bilde til, litt grov kvalitet vitnar om at eg valgte å bruke minst mulig tid på knipsing og max tid til lytting og go´prat. Men litt grovisbilder kan me vel bære over med?
Mvh. Karl