Vi må vel seie at vi har ein godt fungerande modell i Norden. Sosialdemokratiet, og ikkje minst fleirpartiorganiseringa, har sikra at eit stort fleirtal har det bra, medan svært få er misunnelsesverdig rike eller så fattige at ein må tykkje synd i dei. Sjølv om dette er i ferd med å endre seg.
Ved å ha mange parti vert det fleire styringsalternativ, fleire dimensjonar over politikken, og det trengs. Eittpartisystem er svært så eindimensjonale, og det same gjeld topartisystem, der begge aktørar oftast prøver å kapre sentrum, og difor i praksis vert liggjande med svært mykje overlapping i praktisk politikk, medan dei flaggar vilt nokre fanesaker som skal markere skilnad. Tradisjonelt har det vore så stor politisk semje i Noreg at statsbudsjett-skilnadane mellom ulike regjeringsalternativ er mindre enn 15%. Så det er mest ideologiske skilnadar, ikkje realpolitiske. Dette gjeld også dei store skilnadane vi har hatt: den store "reformen" i inntektssystemet for kommunane i 1985, og den kraftige sentraliseringa vi har sett dei seinare åra.