Audiophile-Arve
Æresmedlem
1. Men kvifor er Neoclassic 500 med 6550/KT88 oppgjeven til å vere dobbelt så kraftig som Neoclassic 250 som brukar EL34?1. Helt ubetydelig mer effekt ved å bruke KT120 i stedet for KT88.
2. Vi snakker PrimaLuna?
3. Det finnes en tabell som viser effekt ved de forskjellige rørtypen. Tenk ikke effekt. Mer viktig å velge det en liker best.
4, Forskjell i Bias? Hva mener ndu egentlig med bias?
5. Finnes det et "argere" ord for det?
1. I tilfellet Manley har jo du erfaring
6. To forskjellige forsterkere du nevner med vesentlig forskjell i utgangseffekt.
Heimelaga?
Tja, du hørte sikkert forskjell. Usikkert om forsterker og rør passet veldig godt sammen?
7. Det er helt greit å ha meninger, men det holder ikke veldig godt opp mot fakta.
2. Nei, ikkje spesifikt prima Luna, men slike effektforsterkarar der ein kan veksle mellom store pentoderør.
3. Eg er nok nøydd til å tenke på effekt, er eg redd....
4. Den forspenninga som justerast ettersom røra eldest, eller når du skifter rør, til eit heilt anna merke. Justerast med ein potmeter av eitt eller anna slag. Eller har autobias, slik som VTLSkal denne spenninga vere den same til ein gjeven forsterkar uansett rørtype? Eg har sett ein (heimelaga byggesett) forsterkar ta kvelden fordi biasen var skrudd heilt vilt. Nokre forsterkarar (Rogue, til dømes) har innebygd meter for justering, andre treng voltmeter, der du må hekte deg direkte på røret for å måle biasen.
5. Forspenning, kanskje?
6. Eigentleg same forsterkaren. Vart mekka på i ei lang utvikingsprosess eg fekk vere vitne til. Forsterkaren vart kraftigare når han brukte 6550-rør. Gjekk vel frå ca 50 til 70 watt. Og klangen endra seg, 6550 (Sylvania) verka meir nøytralt, og hadde marginal skilnad mot KT88 (M/O Valve company Golden Lion, hugsar eg) Etter dette har eg med ujamne mellomrom erfart at EL34 er eit "varmare" rør klangmessig enn 6550/KT88, sånn generelt, men i ulik grad. Etter kvart har eg også gjort ein del rørskift på forforsterkarar, og mitt inntrykk er at dess tidlegare i signalvegen røret står, dess større innverknad har det på klangfarge og dynamisk attgjeving.
7. Greitt det, men hugs at meining ikkje nødvendigvis berre er synsing. Forsiktig empiri er ein brukbar framgangsmåte som etter kvart førte oss bort frå alkymisme fram til vitskap. Hifi er ikkje (berre) matematikk.