Tweedjakke
Hi-Fi freak
Dette har det vore forska ein god del på med data frå WW2.Det er uvist om dem noengang har kunnet vise til at slik stratagi faktisk har gitt en eneste seier? Men det passer heldigvis godt med deres sadistiske vesen og manglende evne til å lage presisjonsvåpen.
Faktisk vart det gjort eit eksperiment under landgangen på Sicilia, der øya Pantelleria vart bomba i 33 dagar samanhengane, og gav seg utan at ein einaste soldat sat foten på øya. I dag vil vi kanskje meina at dette sorterer under uetisk forskning.
Av nyare forsking på bombinga av Tyskland trur eg konklusjonen er at det fungerte bra å bomba industri, men å utsletta byar (som Dresden) og landsbyar var meiningslaust (sjølv om det kanskje gav ein liten effekt).
Brannbombinga av Tokyo og atombombene over Hiroshima og Nagasaki er ei anna skål. Dei leidde jo til at Keisaren kasta inn handkledet, «The war has developed not necessarily to Japan's advantage», men om dette var pga sivilbefolkninga eller av sunn fornuft, veit eg ikkje.