Mange mener at Trump har begynt i feil ende. Det å sette premisser og betingelser for åpen mikrofon, da har han ikke forstått russisk tankegang og russisk kultur. Der skal alt skje i bakkanalene og i bakrommet uten dagslys. Når en avtale er på plass, så presenteres den for hele verden.
Hvorfor skulle Putin være en underdog overfor Trump og spille på hans premisser?
Inntrykket mitt er at det ikkje er spesielt for Russland, heller at slik det er slik fredsavtalar er. Eg har ingen førstehandskunnskap, og tykkjer ofte det høyrest vassent ut når forhandlarar skryt av at dei har fått partane til å snakka saman.
Men kanskje det må vera slik. Forhandlingar krev at båe partar har ei formeining om
- kva dei vil ha (maksimum)
- kva dei må ha (minimum)
- kva dei kan gje (maksimum)
Det intuitive utgangspunktet for ei forhandling er jo å erklæra ein vil ha alt og gje ingenting, og det er jo det som er utgangspunktet når ein sender soldatar for å døy. Ikkje «hald denne høgda til siste mann, slik at vi kan forhandla ho bort for fred».
Så er det forhandlaren som må forstå det
reelle minimumet for kva partane må ha og maksimum for kva dei kan gje. Det vil unekteleg krevja ein del finesse, og kanskje ei evne til å leggja press på partane. I så måte vart kanskje sjansane for ein fred øydelagde då Ukraina måtte leggja fram sine «maksimum vil ha» for opa verdsscene, og Russland kunne kontra med sine kapitulasjonskrav, akkurat slik Russland eigenhendig torpederte forhandlingar ei lang stund ved å erklæra dei okkuperte områda for del av Russland.
Eg plukka ut Hilde Henriksen Waage si
Peacemaking is a risky business (om Oslo-avtala) frå bokhylla, og om forhandlingane i Washington skriv ho (p. 51)
The negotiations in Washington were deadlocked. The publicity surrounding the talks made serious and constructive discussion almost impossible. Informal meetings, showing substansive progress, were blown to pieces as soon as the media got to know of them. When Israelis and Palestinians pinpointed where their problems lay and defended their attitudes in front of the whole world, it became increasingly difficult to be flexible or to change one's mind. The lack of secrecy was a key problem.
Så synte også Oslo-avtalen fundamentale problem med ein liten stat utan maktmiddel som forhandlar, men det er ei anna sak.
Tillegg:
Mitt inntrykk er at målet til Trump heile vegen har vore å tvinga Ukraina til å godta ein fred som er eit par millimeter frå kapitulasjon. Det er iallfall slik det framstår i media. Men heile denne førestillinga forstår eg ikkje, og det kan jo ikkje vera heilt slik Putin såg det føre seg, heller?