Pickupar held typisk iallfall tusen timar, som regel meir. Og gode slipingar har ein tendens til å vare retteleg lenge. Eg spelte godt over 2000 timar på ein VDH MC 10 (gamlesorten) oppmontert i ein tangentialarm (ET 2), og her hadde nok pickupen ideelle arbeidsvilkår, trur eg. Benzane burde halde like lenge, med litt flaks, men eg er usikker på den armen din.
Skulle eg gått for å gjere eit pickupval sånn generelt, er det AC3 av dei du nemner eg hadde vore mest gira på. Men når eg kjenner armen så dårleg, er dette berre synsing frå mi si side...