Av Stig Arne Skilbrei
I 2018 fekk Hedvig invitasjon frå Vossajazz om å skriva tingingsverket til 2019. Eg høyrde det framført i Vossasalen på Park Hotell på Voss og gløymer det ikkje. Seinare vart det framført i Oslo, til om mogeleg endå større ovasjonar. Kvifor vart ikkje dette teke opp live? Eg som er so glad i live-opptak!
Men no er konserten spelt inn i studio i regi av rune grammofon; og utgjeven på LP, CD og strøymetenestene. Og gleda er stor over å kunne høyre dette om att.
Tett og tøft
Hadde verket vore tinga til i år, veit me korleis det hadde gått, difor overskrifta. Besetninga er ein smule endra i høve til konsertrekkja. Kjenner du desse musikarane? Hedvig er jazzgitaristen som spelar råkk, for å forklara det enkelt, ho er ein “riffmeister”, og det er elles same ordet både på (ny)norsk og tysk. Musikken kan difor like mykje kategoriserast som råkk/jazzråkk/progråkk som jazz, rett nok progressiv jazz....
Les hele artikkelen hos Audiophile.no