Ja, det var mono på plateutgivelser på 50-tallet.
Like fullt er det hifi og realisme i disse opptakene.
Det er prosessert stereoeffekt i flere av disse platene, uten at jeg skal forklare hvorfor det er gjort.
De beste står seg fint som rene mono-opptak, små ensembler fremstår realistisk og levende, med mye dynamikk og romfølelse.
Stereo var på vei, og var først tilgjengelig på spolebånd, for den velstående øvre middelklasse i USA.
De opptakene jeg kjenner best er de tidlige eksperimentene fra RCA, nå tilgjenglig som 3-kanals stereo på SACD i Living Stereo. Den første jeg har er fra 1953.
Opptakskvaliteten utviklet seg formidabelt på 50-tallet, og realismen i mange mono-opptak av små jazz-ensembler er imponerende.
Må seie meg heilt einig med Ottone. Realismen i dei gamle monoopptaka er svært god, om enn ikkje perspektivmessig. Likevel er det dynamikk av ei anna verd og skikkeleg klangbalanse.
Eg har også ei plate frå 1953, i tillegg til eit stereoopptak av Berlioz Requiem frå 1950 (Fritz Reiner - interessant, men ikkje særleg bra lyd) Men om de har sjansen; sjekk ut det som skjedde på RCA, EMI og Decca mellom 1956 og 1962 av stereoopptak. Eg spør meg av og til kvar det vart av femti års lydteknologiutvikling.......?
Når vi kjem til desse 3-sporsopptaka frå RCA, har eg også nokre SACDar med slikt. Lyden er veldig god, veldig realisme (eg spelar dei helst i stereo, men har prøvd dei tre spora via "kinoanlegget", som ikkje kan samanliknast med storeanlegget, men som likevel avslører stor realisme ved å ha ein tredje monokanal midt mellom dei to stereokanalane.
Har også høyrt ein del kvadrofoniopptak frå 70-talet, og dette er endå ein spennande teknikk verd å utforske.
Men det er trist at utviklinga har gått mot fjerning av dynamikk i musikken og attgjeving via øyrepropper. Når vi gretne, gamle gubbar pakkar saman kan det hende at ein heil kultur, ein omfattande kunnskap, vitskap og teknikk forsvinn med oss......sjå kor det (nesten) gjekk med vinylmediet.