Tandberg Huldra 11
Dette er ikkje akkurat dagens loppemarkedfunn, i og med at den ble funne på el-returen for eit par veker sidan, men uansett. Eg skulle kaste noko gamalt ræl og var ein tur innom Heggstadmoen i Trondheim, og vips, der låg det ein Huldra 11 som såg heilt fin ut. Det regna den dagen, så den må ha kome kun kort tid før eg kom, då den ikkje var våt. Eg blei gira og prøvde å snike den med meg ubemerka, men ei av dei som jobba der merka at det var ein gira fyr der med ein receiver i armane og spurte meg om det var eg som hadde levert den. Eg sa "øh, nei", og så spurte eg om eg fekk lov til å ta den med heim og ho sa "javisst". Stemning!
Uansett, då eg kom heim prøvde eg å skru den på etter at den fekk stå og tørke litt. Det funka så som så, heile knapperada på høgre side (radiodelen) nekta å halde seg inne då eg trykte på dei, og alt skalalys hadde tatt kvelden. Det einaste som indikerte at ting funka var at ei glødepære (av den typen som nærast ser ut som ein sikring) lyste på printkortet. Eg opna opp og reingjorde med trykkluft og elektrorens, og etter litt om og men byrja knappane å fungere igjen, og då eg skrudde den på igjen fekk eg lyd ut. Og så måtte eg dra på turné eit par veker og kom tilbake i helga som var. No er eg tilbake og no står den her og speler akk, så vakkert, i mono, men når eg tar ut monoknappen speler den mykje høgare på høgre kanal enn på venstre. Egentlig er det ein bedre beskrivelse at den speler lavare på venstre kanal enn på høgre, då volumet blir betraktelig høgare då eg trykkar inn mono, og ikkje berre fordi det er i mono og at eit stereosignal som blir kollapsa til mono er høgare enn eit stereosignal.
Eg skal opne den igjen og prøve å reingjere mono-knappen litt til og sjå om det hjelper. Det er ein del skurr i den samme knappen, og med litt flaks skal ein sjå at det berre er noko støv som ligg der og øydelegg stereomoroa. Det at den speler balansert når den står i mono tydar vel på at utgangselektrolyttane fortsatt er i live? Dei bør nok byttast ut på sikt, men akkurat no er det litt trange tider både tidsmessig og økonomisk, så dette får vente litt, tenker eg. Eg må få kjøpt nye pærer til å få den til å lyse blått i mørkret, er det tandberg radio shop som er vegen å gå for dette?
Uansett, stemninga er god, og eg er ein optimist.