Eg trur den store graden av sentalisering vi legg opp til i dag, ikkje løner seg. Einingar med fleire hundretusen innbyggjarar som skal arbeidet, ete, handle og leve, er ikkje så rasjonelle som det umiddelbart ser ut som.
Klart det er fint å bu slik at du har ein halvtimes reisetid (med offentleg, berekraftig transport, sjølvsagt) til Gardermoen, operaen, kortreiste matprodukt og andre nødvendige kjøpevarer, jobb og stordrifts-barnehage. Men det er ikkje lett å få til...utan å skape bumiljø som har ganske uheldige sider. Dessutan, vi kan ikkje basere oss på Gardermo-besøk tre-fire gonger i året så veldig mykje lenger, er eg redd.
I Sogn og Fjordane er det sjølvsagt vanskeleg å leve urbant. Det har ikkje vore noko sterkt personleg ynskje om slikt heller frå mi side. Eg har for tida innretta meg slik at eg berre treng bil når eg må utanbygds, med spasearavstant til alt eg til vanleg har behov for (basisbutikkar, samfunnhus, skule (der eg jobbar), barnehage (der eg ikkje lenger er kunde), småbåthamn (der eg står på venteliste), fotballbane (som eg brukar mindre enn barnehagen), rekreasjonsområde av ymse slag (skog= 10 min, høgfjell 40 minutts spasertur, fiskeområde 1 times rotur, eller 10 min med ikkje-berekraftig påhengar, badestrand= 10 min, men ikkje på denne årstida, ørretvatn = 1 times spasertur).
Men om eg skal i operaen, må eg køyre bil i ein time. Og dei har ikkje spelt mine yndlingsoperaar på Nordfjordeid på to år. Ekjøp tek 40 minutt, og skal eg ha noko litt meir esoterisk av elektronikk, veit vi alle at det ikkje nyttar å få overblikk andre stadar enn Hortenmessa. Vidaregåande skule er minst ein times busstur unna. Og 2/3 av ungane mine bur i Bergen, slik at det vert mykje køyring av den grunn. Burde hatt hytte i bydn, men eit lite, akustisk fullstendig uakseptabelt husvære der, kostar meir enn huset mitt (300m2) gjer her. Så det er ikkje aktuelt.
Mitt poeng er at vi "kondisjonerast" (etter Aldodus Huxley) til ikkje-berekraftig livslukke-kolikk (Ole Paus/Gunnar Bull-Gundersen på plata "Ole Bull-Show"), noko vi må få slutt på, uansett kvar vi held oss i geografien. Sentraliserar vi i same grad som t.d. Sverige, vil vi vere endå meir avhengige av å importere alt vi treng, og dermed øydelegge grunnlaget for ein berekraftig økonomi.